Hopp til innhold
Kraftig brann i leilegheit i kjellar
Foto: 03030-tipser

Kraftig brann i bustad i Sund

  • – Dagens helt

    Det var naboar som var dei første til å setja igong slukkearbeidet då det tok til å brenna i ein bustad i Sund i dag. – Dette er dagens helt, seier Stig Simonsen Jahn, og peikar på videoen frå brannen. Naboen sprang til, i morgonkåpe, og starta slukking med pulverapparat og hageslange.

    sund
Eidepollen
brann
  • Brann- og røykskader

    Alle kom seg ut då det byrja å brenne i ein kjellarleilegheit på Vindhaugen i Eidepollen i Sund. Røykdykkarar vart sendt inn og etter 20 minutt var brannen sløkt. Ingen personar er skadd i brannen, men leilegheita har fått brann- og røykskader.

  • Røykdykkarar inne i huset

    Røykdykkarar har gått inn i einebustaden som brenn på Vindhaugen i Sund. Det brenn kraftig i ei leilegheit i ein kjellar i ein einebustad, og det er uvisst om brannen har spreidd seg til resten av huset.

  • Brann i kjellerleilegheit

    Politiet opplyser til NRK at det brenn i ei kjellerleilegheit i Vindhaugen i Sund. – Det er snakk om ei utleigeleilegheit i ein einebustad, og det er kraftig brann i huset. Alle som har vore der er ute av huset, seier operasjonsleiar Gustav Landro i politiet.

sund
Eidepollen
brann