Hopp til innhold

Køyrde utfor vegen i Øygarden

Føraren krasja bilen og lét den deretter stå.

øygarden

Politiet fekk klokka 06.55 i dag tidleg melding om ei utforkøyring på fylkesveg 5611 ved Kiwi-butikken på Rong i Øygarden.

Det var ein anna bilist som melde frå om trafikkulukka, og vedkommande fortalde politiet at airbagen var utløyst men at det ikkje var personar å sjå i nærleiken.

– Vi rykka ut med ein patrulje. Då dei kom fram kunne dei konstatere at bilen hadde store materielle skader, fortel operasjonsleiar Erik Gjesdal i Hordaland politidistrikt.

Ingen personskade

Etter kvart fekk politiet kontakt med føraren. Vedkommande hadde ingen synlege skader.

– Men det har vore store krefter i sving, så eg reknar med at AMK vil ta ein nærare kik på vedkommande, fortel Gjesdal.

Klokka 08.15 melder politiet at dei er ferdige på staden. Det er ikkje mistanke om promillekøyring, men det vert oppretta sak. Politiet mistenkjer at føraren har vore aktlaus og difor har brote vegtrafikkloven paragraf 3.