Hopp til innhold

Køyrde stolen bil utan førarkort

Ein gut i tenåra frå Høyanger er dømd for å ha stole ein bil, og køyrt den utan gyldig førarkort.

Det var i september i fjor at guten, saman med to kameratar, braut seg inn på eit område til ein bilforretning og stal ein bil. Seinare køyrde han avgarde med bilen utan gyldig førarkort.

Samfunnstraff

Guten, som også tidlegare er straffedømd, vedgjekk forholda då saka var oppe i retten. Han vart dømd til 240 timars samfunnsstraff.

Han slepp å betale erstatning til bilforretninga han tok bilen frå.