Hopp til innhold

Køyrde i 117 km/t i 80-sona

Ein bilførar må ta beina fatt etter ein politikontroll i Gaupne natt til laurdag.

Politiet gjennomførte i natt politikontroll i ei 80-sone i Gaupne.

Ein bilførar vart ferska i 117 kilometer i timen, og kan vente seg eit oppgjer med politiet. Han vert både politimeldt og må klare seg utan førarkort.

Også i Sogndal har politiet hatt fartskontroll i natt. Her sette dei opp fartsmålaren i ei 70-sone. To bilførarar fekk utskrive forenkla førelegg. Høgste målte fart var 96 kilometer i timen.

I Gaupne hadde politiet også arbeid torsdag kveld. Då var det to mopedar som vart avskilta fordi politibetjentane oppdaga at desse var trimma.