Hopp til innhold

Kostar 23 milliardar å skredsikre vegane i fylket

Det vil koste 23,4 milliardar kroner å sikre fylkesvegane i Vestland som har middels og høg skredfare. Dette går fram av saksdokumenta til møtet i samferdselsutvalet seinare i veka.

Vestland har 223 vegstrekningar med høg eller middel skredfare, noko som er suverent mest i landet. På andreplass kjem Troms med 100 skredpunkt og Møre og Romsdal med 81 skredpunkt på fylkesvegane.

Det vil koste 60,5 milliardar kroner å skredsikre alle fylkesvegane i landet. Bildet er frå eit ras i Oldedalen i november 2021.

Ras i Oldedalen
Foto: Tina Henningsen Gjerde