Hopp til innhold

Korona-forvirring hos tannlegane

Medan offentlege tannklinikkar berre tek imot akuttpasientar, held private klinikkar ope som vanleg.

John Svanevik

TANNVERK: Tannlege John Svanevik behandlar Beate Solstrand for tannverk. Pasienten stolar på hygienen hos tannlegen sin, og er ikkje redd for å verte smitta.

Foto: Bård Siem / NRK

Rådet frå tannlegeforeinga til medlemmane er at dei berre tek imot pasientar som treng akutthjelp for å unngå smitte.

Men hos tannlege John Svanevik som driv ein privat klinikk i Sogndal, er det ope.

– Blant dei private tannklinikkane er det no ei løpande vurdering på om vi skal stengje ned og berre ta akuttoppdrag, slik dei offentlege klinikkane blant anna i Vestland har gjort, seier Svanevik, som også er leiar i Sogn og Fjordane Tannlegeforeining.

– I løpet av helga eller på måndag trur eg dei same reglane er innført for heile tannhelsetenesta, seier han.

Har fått fleire avbestillingar

Burde alle tannklinikkar halde stengt?

– Vi følgjer retningslinene som helsedirektoratet har lagt fram. Dei seier at vi ikkje skal stengje alle tannklinikkane. Men dei har laga nokre reglar vi skal halde oss til når det gjeld pasientbehandling, forklarar han.

– Pasientar som er forkjølte eller hostar får ikkje kome inn, understrekar Svanevik.

Han fortel at han dei siste dagane har fått fleire avbestillingar frå pasientar som ikkje torer å kome på grunn av smittefaren.

– Eg har forståing for det, og ville ha tenkt det same sjølv.

– Ikkje redd for å verte smitta

Blant dei som våga å kome i dag var 26 år gamle Beate Solstrand frå Hafslo i Luster.

– Eg har tannverk. Eg tenkte det var greitt å få det ordna når eg først hadde time likevel, fortel ho.

Sjølv er ho ikkje redd for å verte smitta hos tannlegen.

– Så lenge alle klarer å vaske hendene og halde avstand er ikkje problemet så stort. Tannlegane har god hygiene, meiner no.

– Ingen utstyrsmangel

Generalsekretær i Tannlegeforeningen, Morten Harry Rolstad, seier at tannhelsetenesta tilhøyrer det som nasjonale helsestyresmakter har definert som ein samfunnskritisk funksjon.

– Vårt ansvar er å syte for eit forsvarleg tilbod slik at folk får nødvendig tannbehandling. Det betyr at tannlegane må droppe vanlege, planlagde behandlingar og undersøkingar for å unngå at tannhelseproblem fører til auka belastning på resten av helsevesenet, seier han.

Førebels seier han at tannlegane har det dei treng av utstyr og medisinar.

– Vi ser at munnbind kan verte eit mangelgode, men elles har vi ikkje fått rapportert om dei store tinga, seier han.