Hopp til innhold

Kontrollnemnda står fast på vedtak

Kontrollnemnda har avvist klage, og hevdar skjenkestad ikkje selde spritflasker over disken.

Det skriv Fjordingen.

Privatpersonar klaga inn ein utestad i Nordfjord for å selje spritflasker over bardisken, men kontrollnemnda avviser klagen.

Personane la kvitteringar ved klagen, og kvitteringane hadde skjenkestaden sitt firmanamn på som dokumenterte at slike sal har funne stad i baren. Skjenkestaden mista skjenkeløyvet i seks veker.

Den daglege leiaren ved skjenkestaden forklarte i eit brev til kommunen at saka ikkje handlar om sal av brennevinsflasker over diks, men at det var ei venneteneste der ein av dei tilsette som privatperson har kjøpt med seg alkohol då han har vore på tur til ein stad med vinmonopol, skriv Fjordingen.

Nokre gonger mottakaren ikkje hadde pengar til å betale varene ved utlevering, kom han innom skjenkestaden for å betale på eit seinare tidspunkt. Då vart det skrive ut kvittering som bevis for bettalinga, skriv avisa.