Hopp til innhold

Væpna politiaksjon på Aker Solutions Stord: Mann sikta for vald mot politikvinne

Politiet fyrte av to skot og brukte elektrosjokkvåpen under væpna aksjon hos Aker Solutions fredag morgon. Selskapet sette krisestab.

aker Stord skot

Hendinga skal ha skjedd ved denne brakkeriggen.

Foto: Olav Røli / NRK

Siste: Haugaland og Sunnhordland tingrett har bestemt av mannen skal vere varetektsfengsla i seks dagar, fram til fredag ettermiddag 12 mai. Politiet har enno ikkje fått avhøyrd mannen.

Mannen i 40-åra blei fredag sikta for grov kroppsskade etter hendinga på Stord.

Laurdag føremiddag blei siktinga nedjustert til kroppsskade, og mannen blei framstilt for varetektsfengsling. Politiet ønska to veker fengsling, men retten har landa på seks dagar.

Fredag morgon blei det utløyst ein større politiaksjon hjå Aker Solutions på Stord, sør i Vestland.

Politiet rykte ut til staden klokka 07.40, etter at dei fekk melding om at ein mann hadde vore utagerande. Det skal ha skjedd i ein leir ved Aker Solutions, i ein brakkerigg der arbeidarar bur.

Politiet losna to skot og brukte elektrosjokkvåpen mot mannen.

Klokka 08.10 melde dei at dei har kontroll på han. Ei politikvinne blei skadd i hendinga.

Fredag ettermiddag fortel politiadvokat Mads Lerum at skadeomfanget hennar er uavklart.

Politiet jobbar med å avhøyra vitne, men har ikkje oversikt over kor mange dei kjem til å avhøyra.

Lerum ønskjer heller ikkje å seia om det har komme fram noko i vitneavhøyra.

Det blir også jobba med å få avhøyrt den sikta mannen.

– Me ønskjer å få forklaringa hans så fort som mogleg. Det er uavklart om det er mogleg å få avhøyrt han i dag.

aker Stord skot

Slik ser det ut på staden ved 9-tida.

Foto: Olav Røli / NRK

Losna to skot

Operasjonsleiar Roger Litletun fortel at dei første meldingane kom frå andre på staden. Dei melde om at mannen oppførte seg hissig og omsynslaust.

Då første patrulje kom til leiren blei det eit basketak.

– Ein tenesteperson fekk ein skade i bakhovudet. Då stakk gjerningspersonen av garde, seier han.

Politiet tilkalla fleire patruljar og lokaliserte personen. Han prøvde å stikka av igjen, og det blei då losna to varselskot frå politiet.

Mannen vart så skoten med elektrisk våpen og er no arrestert.

Han er frakta til Stord sjukehus der han får tilsyn av lege, fortel Nordhus på Stord.

Også politikvinna skal ha blitt frakta til sjukehus i ambulanse for undersøking.

Ho skal ikkje vera alvorleg skadd og fekk først tilsyn av helsepersonell på staden.

Innsatsleiar Randi Halleråker seier dei jobbar vidare på staden.

Me har ein åstad som me tek oss av. Me har ein del vitne, og eit område me må få sikra, seier Halleråker.

Er det andre som vart skadde her?

Nei, me har ikkje fått opplysingar om fleire som vart fysisk skadde, men det får me belyst utover dagen.

Spesialeininga blir ikkje varsla.

aker Stord skot

Innsatsleiar Randi Halleråker.

Foto: Olav Røli / NRK

Søkte etter skadde

Politiet søkte ved 9.30-tida gjennom brakkene ved Aker Solutions for å leita etter fleire skadde. Det opplyste Dag Vidar Nordhus til NRK.

Det er 8–9 brakkeriggar på området der arbeidarar som jobbar ved verftet bur. Brakkene har to etasjar.

Det er fleire område med brakker på Stord. Hendinga skjedde ved den største leiren der det er plass til tusen personar, opplyser Odd Naustdal i Aker Solutions.

Nordhus veit ikkje sikkert kor mange som bur i kvar brakke, men viser til at arbeidsdagen var starta då hendinga skjedde.

aker Stord skot

Politi og helsevesen er på staden.

Foto: Olav Røli / NRK

– Det har truleg ikkje vore så mange i brakkene på det tidspunktet.

Like over halv ti opplyser politiet at dei kjenner identiteten til mannen.

– Mannen er tilsett i eit firma som jobbar for Aker Solutions. Han er bebuar i brakkene der hendinga skjedde, fortel Nordhus.

Han vil ikkje koma med meir informasjon om mannen no.

– Me er i ei tidleg etterforskingsfase, så eg vil ikkje kommentera saka vidare, seier han.

Ifølge Nordhus er dei ikkje kjende med om mannen hadde våpen eller om han hadde ønske om å skada andre.

Det var ein del blod på staden då politiet kom fram. Fordi det var uvisst kven blodet kom frå, søkte politiet etter fleire skadde i brakkene.

Klokka 10.15 stadfestar innsatsleiar Randi Halleråker at dette søket er avslutta.

Aker Solutions har sett krisestab

– Eg kan stadfesta at det har vore i ein politiaksjon i ein av leirane til Aker Solutions på Stord. Det har kome informasjon om at det har vore fyrt av skot på staden, seier Odd Naustdal i Aker Solutions til NRK.

Han fortel at dei sette krisestab fordi situasjonen var uoversiktleg.

Hendinga skjedde utanfor porten, så drifta på verftet held fram.

– No følgjer me saka tett vidare, og vil òg følga opp personell som har vore i nærleiken av der hendinga skjedde, seier Naustdal.

aker

Politiet og helsevesen er på staden ved Aker Solutions.

Foto: Olav Røli / NRK

Aker Solutions på Stord er Noregs største offshoreverft med over 1700 tilsette. Det er hjørnesteinsbedrifta på Stord.

Den totale kapasiteten i brakkene deira er på mellom 1700 og 1800 personar.

– Me har tett dialog med selskapa som har folk her og dei som jobbar her, seier Naustdal.

Han fortel at dei brukar god informasjonsflyt og tydelege system og regelverk for å sørga for at det er ro i leirane. I tillegg er det ikkje lov til å nyta alkohol der.

– Det har eit ro- og orden-element ved seg. Og så jobbar dei 12-timarsskift og det er ekstremt viktig at ei industribedrift til ei kvar tid har folk som er upåverka.

Nancy Aasheim er varaordførar på Stord. Ho seier dei har tett dialog med politiet, men at dei ikkje har fått beskjed om å varsla kriseleiinga enno.

– Me ser alvorleg på denne hendinga. Det er aldri ønska at noko sånt skal skje. Det er alvorleg for dei involverte og råka. Det er ikkje kjekt, seier ho.

Aasheim seier brakkeriggane er ein plass der fleire bur og at det sjeldan er noko som skjer der.