Hopp til innhold

Kommunane sviktar demente

Regjeringa bryt sin eigen plan om å gi eldre med demens ein betre kvardag. I 2007 lova regjeringa ei opptrapping av demensomsorga, men etter seks år er det mange kommunar som ikkje klarer løftet.

Regjeringa held ikkje lovader om dagtilbod frå 2015.

SJÅ TV-SAK: Regjeringa held ikkje lovnader om dagtilbod frå 2015.

Mellom anna skulle planen sikre demente ein stad å vere på dagtid, men mange stadar blir ikkje slike tilbod oppretta.

Stine Hamre Lødemel er ei av mange som er pårørande til eldre med demens. Mormora hennar på 89 år har budd heime, men har no korttidsopphald ved Hornindal sjukeheim.

– Det er viktig med eit dagtilbod. Det blir på ein måte som eit pusterom for oss pårørande i kvardagen, seier Hamre Lødemel.

Får ikkje hjelp

Eldre med demens som bur heime, skal ha eit eige dagtilbod. Det er målet i regjeringa sin demensplan fram mot 2015.

Men no, seks år etter planen kom, har berre halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane slike dagtilbod. Ei av kommunane som sviktar er Hornindal.

Stine Hamre Lødemel

PÅRØRANDE: Stien Hamre Lødemel.

Foto: NRK

Det betyr at mange med demens som kunne fått hjelp, og pårørande som kunne fått avlastning, ikkje får det tilbodet som regjeringa har lag topp til.

  • SJEKK: Situasjonen for din kommune nedst i saka.

– Det er utruleg viktig for oss pårørande å vite at dei har ein plass å vere om dagen når vi andre er på jobb. Vite at dei har det trygt og får den pleia og omsorga som dei treng, seier Hamre Lødemel.

Kuttar i tilbodet

– Ikkje gå og tenkje på at dei rotar seg vekk, eller gjer ting som dei eigentleg ikkje vil eller kan gjere noko for, held ho fram.

Men i Hornindal har dei heller kutta enn styrka demensomsorga. Ikkje er der dagtilbod for heimebuande demente, og ved førre budsjettrunde kutta dei også demensavdelinga ved sjukeheimen.

No har heller ikkje demente ved sjukeheimen eit eige dagtilbod.

– Forstår ikkje viktigheit

Kirsti Flø

FORTVILAR: Kirsti Flø.

Foto: NRK

Leiaren i Hornindal demensforeining, Kirsti Flø, ser på eit lokale som før var i bruk. Men no når kommunen kutta i drifta er tilbodet vekke. Flø fryktar at politikarane ikkje ser kor viktig slike tilbod er.

– Det som kanskje er problemet er å få forståing for kvifor det er så viktig med slike dagtilbod. I 2015 skal jo dette faktisk vere på plass i alle kommunar, seier ho.

– Trur du det går?

– Nei, det gjer det ikkje. Det går for seint i mange kommunar.

Går for seint

250 000 menneske i Norge er anten råka av demens eller er pårørande av demente

Liv Signe Navarsete

MINISTER: Liv Signe Navarsete.

Foto: NRK

Men ikkje ein gong regjeringa veit kor langt ein er komne i målet om å gi eit dagtilbod. Det finst ingen fullstendig oversikt. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete seier ho vil ta saka opp med helseminister Jonas Gahr Støre, og vedgår at ting skjer for seint.

– Det har ikkje gått så fort som vi kanskje skulle ønske oss. Men det er stilt midlar til disposisjon for å bygge opp dagtilbod. Eg meiner det er eit utruleg viktig tilbod både for dei pårørande men ikkje minst for den enkelte som treng tilbode, seier Navarsete.

– Må tenkje økonomi

Anne-Britt Øen Nygård

ORDFØRAR: Anne-Britt Øen Nygård.

Foto: NRK

Men i Hornindal må ein som i landet elles vege kommunale budsjett opp mot staten sine ambisjonar. Ordførar Anne-Britt Øen Nygård (Sp) seier dei jobbar med å få til eit dagtilbod, men at dei har måtte tenke på økonomi.

– Vi får no stadig nye krav. Vi prøvar så godt vi kan, men vi er avhengig av at det blir tilført ein del midlar slik at ein kan drifte tiltaka, seier ordføraren.

– Det handlar om pengar?

– Til sjuande og sist er pengar viktige i slike situasjonar

Vil sjå meir bli gjort

Ingen veit kor lang tid det vil ta før eit dagtilbod er på plass i kommunane kring om i landet. For pårørande og sjuke betyr det ein vanskeleg kvardag.

Stine Hamre Lødemel er ei av dei som kunne tenkt seg at meir hadde blitt gjort.

– Kommunane burde vore kome mykje lenger, det burde dei, avsluttar ho.

Slik står det til i din kommune

Har ikkje dagtilbod til heimebuande demente:

  • NAUSTDAL: Har ikkje eit dagtilbod til heimebuande demente. Har tilbod om pårørandeskule saman med Førde.
  • ASKVOLL: Har ikkje dagtilbod. Men målet er å etablere eit eige dagtilbod i løpet av 2014.
  • HYLLESTAD: Ingen dagtilbod til heimebuande demente. Dagsenteret er ope for alle, men ikkje noko særskild tilbod til denne pasientgruppa. Har ingen pårørandeskule.
  • JØLSTER: Ikkje noko spesielt tilbod til heimebuande demente. Men dei har tilbod om "Inn på tunet"/Grøn omsorg. Har ikkje pårørandeskular, men har nettopp ferdigstilt ein ny plan for demente, der dei vil forbetre tilboda.
  • SOGNDAL: Har ikkje eit eige tilbod for demente, men har eit dagtilbod på omsorgssenteret fem dagar i veka der demente har eit tilbod.
  • LÆRDAL: Mulegheit for å søke om dagopphald ved demensavdeling for fire-fem stykke, men inga spesifikt tilbod for heimebuande demente. Dei planlegg no eit meir skreddersydd tilbod. Dei har pårørande skule i samarbeid med Årdal som arrangør.
  • HØYANGER: Ingen spesifikk tilbod om dagtilbod til heimebuande demente. Har eit dagtilbod til aldersdemente som er integrert i tilbodet ved dags- og treningssenter. Senteret er ope fire dagar i veka, ingen tak på kor mange plassar. Dei har ei støttegruppe for pårørande.
  • GAULAR: Har ikkje dagtilbod for heimebuande demente, men diskuterer mogleg oppstart. Har ikkje pårørandeskule, men er i dialog med Førde kommune om mogleg samarbeid.
  • EID: Har ikkje eige dagtilbod for demente, og må dele dagtilbod med andre grupper.
  • STRYN: Har ikkje dagtilbod, men har pårørandeskule.
  • SELJE: Opnar dagtilbod til sommaren. Har pårørandeskule
  • FJALER: Har ikkje dagtilbod som er retta spesielt mot heimebuande demente. Har det i handlingsplanen mot 2016. Har heller ikkje pårørandeskule.
  • GULEN: Jobbar med å få på plass eit eige tilbod for heimebuande demente. I dag er det mogleg for denne gruppa å besøke bu- og omsorgssenteret i Gulen. Dei har eit eige demensteam, og har også fått stønad til eit spesielt opplegg for yngre demente. Dei har hatt pårørandeskule i to år, og det er visst nok vellukka.

Har dagtilbod til heimebuande demente

  • FØRDE: Har eit eige tilbod til heimebuande demente som er ope tre dagar i veka med plass til opp til åtte personar. Har eigen pårørandeskule saman med Naustdal med jamne mellomrom.
  • FLORA: I løpet av 2012 etablerte kommunen 10 plassar for heimebuande demente. Kommunane har pårørandeskule.
  • VIK: Har eit spesielt tilrettelagt dagtilbod for heimebuande demente. Ingen andre brukargrupper er til stades ved dette tilbodet. To fulle dagar i veka, og det er plass til mellom åtte og ti brukarar. Har hatt samtalegrupper for pårørande før, og planlegg no gjenoppstart av dette.
  • AURLAND: Har dagtilbod for heimebuande demente to heile dagar i veka. Har kapasitet til 5–6 personar per dag. I dag er det 3–4 som nyttar seg av tilbodet. Dei har ikkje pårørandeskule.
  • ÅRDAL: Har dagtilbod for heimebuande demente to dagar i veka kl 10–14. Kapasitet til 6–8 stk per dag. Ligg nede i seks veker over sommaren. Vert drifta av heimetenesta. Har pårørandeskule annakvart år.
  • LUSTER: Har dagtilbod for heimebuande demente ein heil dag i veka. Inn på tunet på Hafslo. Kapasitet til 6–8 stk. Har pårørandeskule.
  • GLOPPEN: Har dagtilbod, organisert som ”Inn på tunet”.
  • VÅGSØY: Har dagtilbod og pårørandeskule.
  • BALESTRAND: Har dagtilbod for heimebuande demente tre dagar i veka. Ca fire timar per gong. Dei har kapasitet til 5 stk to dagar i veka, og 2–3 stk den tredje dagen. Dei har ikkje pårørande skule.
  • SOLUND: Har eit dagtilbod ein dag i veka. Tilbodet er knytt opp til psykiatritenesta, på grunn av det låge talet på heimebuande demente i Solund. Det er også tilbod om individuell oppfølging, og dei som vil ha behov for dagtilbod kan vende seg til Solundheimen der det er plass til åtte klientar, og det no står sju plassar ledig. Jobbar med å starte opp pårørandeskular.
  • LEIKANGER: Har dagtilbod for heimebuande demente ein dag i veka. Per i dag 3 timar som dei vurderer å utvide til fem timar. Ønskjer også utvide mein ekstra dag i veka. Kapasitet til fem-seks personar. Dei har ikkje pårørandegrupper.
  • AURLAND: Har dagtilbod for heimebuande demente to heile dagar i veka. Har kapasitet til fem-seks personar kvar dag. I dag er det tre-fire som nyttar seg av tilbodet. Dei har ikkje pårørandeskule.
  • ÅRDAL: Har dagtilbod for heimebuande demente to dagar i veka kl 10–14. Kapasitet til seks til åtte personar per dag. Ligg nede i seks veker over sommaren. Vert drifta av heimetenesta. Har pårørandeskule annakvart år.