Hopp til innhold

Snøen kostar kommunane dyrt

Mykje snø og kaldt vêr gjer at brøytebudsjetta i fleire kommunar allereie er sprengte.

Brøyting

SVIR I LOMMEBOKA: Tunge snøfall og mykje kulde gjer at kommunane må bruke ekstra mykje på brøyting denne vinteren.

Foto: Bjarne Eldevik

Brøytebilen har vore på vegen stort sett kvar dag denne vinteren.

Snøen skal vekk frå vegbana, og det såpeglatte føret skal anten strøast eller saltast.

– Brukar meir enn normalt

I Gulen har brøytemannskapa jobba jamnt og trutt sidan slutten av oktober - langt tidlegare enn det som var tenkt i budsjettet.

– Normalt er brøytemannskaper kanskje ute på vegen mellom fem og ti dagar, og då er det mest strøing. No har dei kanskje vore ute nærmare tjue dagar, seier Geir Haveland ved drift og vedlikehald i Gulen kommune.

Det er meir enn kommunen hadde tenkt på førehand.

– Det seier seg sjølv at vi brukar meir pengar enn normalt, seier Haveland.

I godt selskap

Akkurat kor dyrt det blir eller kor ekstra pengar til brøyting skal takast frå, veit ikkje Haveland før på nyåret.

Men han er i godt selskap - fleire kommunar i Sogn og Fjordane melder om høgare brøytekostnader og budsjettoverskridingar.

I Stryn har dei brukt 600 000 kroner meir enn planen var - og det er daglege småturar som kostar mest, fortel avdelingsingeniør Anders Maurseth.

– Det er mykje lengre kuldeperiodar. Så har vi hatt mykje små nedbørsfall, og då blir vinteren lengre og hardare, seier han.

Snøen sjarmerer ikkje

November skreiv seg inn i historiebøkene som tidenes kaldaste - og mykje tyder på at det blir kvit jul - noko einingsleiar Haveland i Gulen kunne klart seg uten.

– Snøen er heilt vekkasta for oss. Den gjev oss bare utgifter, seier Haveland.