Hopp til innhold

Spor på ulukkesstaden tyder på at lastebilen kom utfor asfaltkanten før den køyrde i sjøen

Sjåføren av lastebilen kom truleg ufor asfaltkanten på høgre side, før lastebilen kryssa vegen og køyrde i Sognefjorden, viser undersøkingar frå ulukkesgruppa til Statens vegvesen.

Undersøkingar

UNDERSØKINGAR: Statens vegvesen si ulukkesgruppe har vore på staden der ein lastebil køyrde i sjøen tysdag. Truleg har lastebilen komme utfor asfaltkanten.

Foto: Robert Jan Leerink

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen har undersøkt ulukkesstaden i dag sidan klokka 11. Det er gjort spor på staden som seier noko om korleis ulukka skjedde, fortel åstadsleiar Geir Harkjerr.

– Det vi har funne er at det er avsett spor frå køyretøyet på utsida av asfaltkanten på høgre side, som vi antar kan stamme frå lastebilen som hamna i fjorden i går.

Slik det ser ut har vi grunn til å tru at hjulla av ein eller annan grunn har hamna utfor asfaltkanten. Så har det lukkast å få lastebilen opp att på asfalten men med den følgja at den har truleg kryssa vegen og ned i fjorden.

– Ulukkesgrupppa til Statens vegvesen har reist vidare til Førde for å gå over køyretøyet slik dei gjer i samband med slike alvorleg ulukker. Ulukkesgruppa tar seg av alle tekniske undersøkingar. Finn dei noko vil politiet bli varsla om det.

Han seier dei ikkje har nokon haldepunkt for å seie at andre har vore involvert i ullukka.