Dei to kvinnene oppsøkte mannen i ei leilegheit, då krangelen om fjernsynet starta.
Alle tre fekk kuttskadar i basketaket, opplyser politiet.
Plastra og sydd
- Mannen vart arrestert, medan kvinnene vart sendt til legevakta for å bli plastra og sydd, seier operasjonsleiar Per Stiegler i Hordaland politidistrikt.
- Vi ser på mannen som den utøvande parten her, men også han fekk eit kutt.
Politiet fekk meldinga klokka 01:13 natt til torsdag.