Hopp til innhold

Knipsa 17 ganger av fotoboks

Bilen til ein sogning i 30-åra vart knipsa 17 gonger av fotoboks. Men mannen hevda han ikkje var sjåfør.

Fotoboks

Mann frå Sogn vart knipsa 17 ganger i fotoboks.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

Mannen sin bil vart knipsa heile 17 ganger i såkalla ATK-boksar. Sogn tingrett skriv i dommen at det er heilt på det reine at det er mannen sin bil som er avbilda på samtlege bilete.

Nekta straffskuld

På samtlege bileter, unnateke av eitt, var solskjermen dradd ned og mannen strakte hals for å skjule andletet sitt.

Årdølen i slutten av 30-åra nekta for at det var han som hadde køyrt bilen. Han meinte det var kompisar som hadde lånt bilen og drive ap med han.

No må mannen betale 20 000 kroner i bot. Retten festa nemleg ikkje lit til tiltaltes forklaring.

Hakepartiet var avsløringa

Retten meinar at hakepartiet på personen som er fotografert av fotoboksane avslører at det er mannen som er førar av bilen.

I tillegg til bota, må han også betale sakskostnader på 5000 kroner.