Hopp til innhold

Klatreulukke i Masfjorden

  • LETTARE SKADD:

    Den 32 år gamle mannen som var involvert i ei klatreulukke i Masfjorden i kveld, er innlagt på Haukeland sjukehus. Han har fått lettare skader etter eit fall på seks meter, det opplyser Helse Bergen i ei pressemelding.

  • KLATRAR HAR FALLE SEKS METER:

    Operasjonsleiar Bjarte Rebnor fortel at det er ein klatrar som har falle seks meter ned i Stordalen i Masfjorden. Det er brannvesen og ambulanse som har rykka ut til staden. Det skal vera fleire personar som har klatra saman ved Kyrkjesteinen, tre kilometer inn frå Matre.