Bygdefolket fryktar konsekvensane av bompengeordning

Bygdefolket i Vikane seier eit klart og rungande nei til bompengar på fylkesveg 60 i Nordfjord.

Steinras på Olden - Innvik

STEINSPRANG: Eit ikkje uvanleg syn langs fylkesveg 60.

Foto: Magnar Myklebust

Vegen Olden-Innvik

SMALT: Vegen mellom Olden og Innvik har i 30 år stått på ventelista over vegar som skal utbetrast. Då kronprinsparet for eit par år sidan var på rundreise i Nordfjord, vart vegen stengd for trafikk, slik at kortesjen ikkje skulle stå fast i møte med møtande trafikk.

Foto: Ottar Starheim / NRK
Steinras på riksveg 60 mellom Olden og Innvik.

I MARS: Slik såg det ut då det rasa på vegen for to månader sidan.

Foto: Arne Vik

Bompengar vil splitte kommunen, og det er urett at lokale pendlarar skal betale gildet for ein veg som minst like viktig for andre, meiner bygdefolket.

40 kroner i 15 år

Statens vegvesen har på oppdrag frå fylkestinget utgreidd eit alternativ der bompengar kan stå for deler av finansieringa av ei stårt tiltrengt utbetring av vegen mellom Olden og Innvik.

Tanken er å drive inn 100 av dei 430 millionar kronene som manglar for å få fullfinansiert vegprosjektet, ved hjelp av 15 år med bompengar. Det vil i så fall koste 40 per passering for ein personbil, utan rabatt. Med rabatt trur vegvesenet at prisen kan komme ned i 20 kroner.

Også formannskapet i Stryn har stilt seg opne for å vurdere ei bompengeordning for å få framskunda arbeidet på den smale og rasutsette vegen.

– Kvifor ikkje bompengar på Dalsfjordbrua?

Men då bygdefolket i Vikane (bygdene Innvik og Utvik) måndag kveld var samla til folkemøte om bompengespørsmålet, gav dei eit eintydig nei til bompengefinansiering, skriv Fjordingen onsdag.

– Det blir ikkje meir attraktiv å busetje seg i Vikane dersom det kjem bompengar, meinte Jostein B. Hilde.

Han oppmoda ordførar Nils P. Støyva (Ap) om å slå i bordet.

– Kvifor vart det ikkje bompengar på Dalsfjordbrua, spurde Olav Årdal, utan å få noko konkret svar på det korkje frå Støyva (som også sit i fylkestinget), fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) eller representanten frå Statens vegvesen.

– Ei skam for Sogn og Fjordane

– Det som skjer er direkte flaut og ei skam for Sogn og Fjordane, meinte sjåfør Terje Myklebust i Firda Billag.

Myklebust bad politikarane ta seg ein tur til Møre og Romsdal, der det eine store veganlegget etter det andre har vorte realisert langs den samme fylkesveg 60, rapporterer Fjordingen.

Står som nr 3 i køen

Skulle kommunestyret i Stryn velje å seie ja til bompengar, manglar Fylkeskommunen likevel fleire hundre millionar kroner før utbetringa av Olden - Innvik er fullfinansiert.

Fylkesordførar Nils R. Sandal kunne ikkje gje økonomiske lovnader, men forsikra at det var tverrpolitisk forståing for vegkravet og tverrpolitisk semje om å kjempe for å få tak i desse pengane. O

lden - Innvik har førsteprioritet når Bremanger II og Dalsfjordbrua står ferdig, understreka Sandal, utan at det gjorde forsamlinga meir lystne på bompengar.

28. juni skal Stryn kommunestyre ta stilling til bompengespørsmålet.