Men NRK Super vil gjerne ha fleire episodar med «Klart eg kan». Prosjektleiar Kjellrun Lavik leitar difor etter born som har lyst å vere med i serien.
- Les også: Nye episodar av «Klart eg kan»
– Vi treng tips om barn mellom 4–8 år som har eit mål dei vil nå, eller som skal til med noko dei er spente på korleis vil gå, seier Lavik.
Mot og meistring
Serien tek føre seg utfordringar som alle born kan kjenne seg att i, ofte er det heilt kvardagslege ting.
Det har vore mykje av suksessen i dei tidlegare sesongane.
– I år viser vi også episodar om barn som har vore sjuke og som difor må meistre ting dei helst vil sleppe. Slike historier er også viktige for å vise at barn i heile landet verkeleg er modige kvardagsheltar, seier Lavik.
Må vere mellom 4–8 år
Neste år startar opptaka til sesong seks av «Klart eg kan».
– Sjølv om vi har fortalt over 60 historier trur vi at det er fleire å fortelje. Vi vil gjerne ha tips om ungar som skal klare noko. Det kan vere kvardagslege ting som å lære å sykle, kanskje nokon må på sjukehuset for å operere, eller det kan vere historia om eit barn som har eit mål det har jobba lenge for å nå, seier Lavik og avsluttar:
– Det viktigaste er at det som skal skje gjer barnet engasjert og spent.
Har du tips til barn som skal oppleve noko spennande? Tips oss på sf@nrk.no.