Hopp til innhold

Klarer ikkje møte etterspørselen etter jordbær

Etterspurnaden etter norske jordbær er stor. Faktisk så stor at produsentane ikkje klarer å levere nok.

Hans Herman Kalhagen

UTOLMODIGE: Hans Herman Kalhagen blir kontakta av mange som ynskjer seg jordbær. – Det er mange som vil ha seg syltebær til ferien. Dei ventar og ventar, humrar han.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Det er ikkje tvil om at mange er utolmodige. Vi kunne sikkert hatt dobbelt så mykje bær som vi har, seier jordbærbonde Hans Herman Kalhagen i Luster.

Stor mangel på bær

Liga Jekabovica og Pauls Ilagzdins

DRIVNE: Liga Jekabovica har vore på Bollingberg Gard kvar sommar i sju år. Pauls Ilagzdins har vore der i tre år.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Kalhagen merkar at ein kald og våt start på sommaren har gjort ventetida lang for dei som siklar etter raude saftige jordbær. Og mange må nok vente litt til før dei kan nyte norske bær.

– Vi leverer først i Gaupne, så køyrer vi til Sogndal og Kaupanger. Vi skulle sjølvsagt vore andre stader også, men det har vi ikkje bær til, seier Kalhagen.

Erfaringane er dei same også hos Lærdal Grønt. I går sende dei sesongens to første pallar med bær som bergensarane kan få nyte.

Hans Herman Kalhagen

AKTIVITET: Det er stor aktivitet i åkeren til Hans Herman Kalhagen. – Får vi alt i hus, så skal det bli brukbart i år, seier han.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Mangel på produsentar

Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt, skulle gjerne distribuert fleire bær.

– Vi er ikkje i nærleiken av å levere det marknaden spør etter, seier han.

– Kor mykje bær manglar de?

– Tonnevis. Vi kunne selt mykje meir jordbær. Vi skulle hatt tosifra tal produsentar, men har berre to som leverer til oss.

Dyr produksjon

Harald Blaaflat Mundal

POTENSIAL: Harald Blaaflat Mundal ynskjer seg fleire produsentar av jordbær. – Det blir min jobb til å motivere og overtale fleire til å dyrke meir jordbær. Der har vi eit stort potensial, seier han.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Mundal trur at ein dyrare, men naudsynt, bærproduksjon gjer at mange ikkje dyrkar jordbær.

– Det var meir risiko før. Plantar fraus vekk. No kjøper vi ferdige plantar om våren, plantar dei, haustar dei og pløyer dei ned att om hausten, seier han.

– Det er dyrare, så vi avheng av rimeleg grei betaling om vi skal dyrke på denne måten, seier han.

Kommande veke

I Gloppen produserer bøndene kring 80 tonn bær til industri og konsum. Dei som dyrkar i tunnel er allereie i gang med salet. I neste veke ventar styreleiar Aage Trygve Føleide i produsentlaget fleire bær på marknaden.

– Men eg høyrer at vi kunne selt mykje meir enn det som er gjort til no. Det er stort sett Sandane vi har forsynt og lite sørover i fylket, seier han.

– Det har vore litt kjølig og nedbør til no, så vi er litt seint ute. Men i åkrane ser det veldig bra ut, legg Føleide til.

– Betre enn i fjor

Liga Jekabovica

GODE: Liga Jekabovica konstaterer at jordbæra frå Hans Herman Kalhagen blir gode også i år.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

I jordbæråkeren i Luster blir det, som hos jordbærbøndene flest, plukka for harde livet. Kalhagen er nøgd med mengda, sjølv om kalde netter truleg har gjort bæra noko mindre.

– Då modnast bæra seint. Siste dagane har dei byrja å få veldig god smak. Det er sola som lagar sukkeret i bæra, seier han.

– I motsetnad til i fjor ser det greitt ut avlingsmessig. Då regna det vekk og rotna 25 tonn, avsluttar han.