– Vi startar onsdag klokka 12 og skal to ha kampar gåande og målet er å halde ut i meir enn 25 timar, seier inspektør Arne Håberg.
Sunnfjord Folkehøgskule har fått blod på tann etter at dei tidlegare spelte volleyball i over 90 timar. Men til forskjell frå 6-manns volleyball verdsrekordforsøket tidlegare i haust har dei denne gongen ikkje lov til å bytte spelarar. I utgangspunktet hadde dei og lagt opp til ein konkurranse mellom kvinner og menn og om kven som er mest uthaldande.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det er vi litt usikre på om vi får til. På herresida er påmelding bra, men vi manglar litt for å stille to lag på kvinnesida.
For spesielt interesserte
– Men du veit ein skal vere spesielt interessert, og vere i god form for å deltata på noko slikt. Denne gongen handlar det nok meir om uthald enn volleyball-ferdigheiter. Men ein må sjølvsagt kunne reglane og slå reine slag.
Men kva er det som gjer at de vil prøve på dette?
– Det er noko vi spør oss sjølve om også. Ideen kom nok ut frå eit ynskje om å vise oss fram litt som folkehøgskule. Du kan jo sjå på dette som eit reint pr-stunt, men for oss som folkehøgskule så handlar det også om å forske på oss sjølve, kor grensene går for vår yteevne.
Sydhavsstrand
Dei fleste vil no forbinde sandvolleyball med ei litt anna og varmare tid på året. Men det er ikkje noko problem for Sunnfjord Folhehgskule som har tilgang på landets beste innandørs sandvolleyballbane med oppvarma sand. Den er for anledning og pynta etter alle kunstens reglar med strandstolar, parasollar, hengekøyer osb.
– Ja hallen er no forvandla til ei sydhavsstrand, vi har vel og Førdes største fotografi hengande, som er 180 kvadratmeter, og som dekkjer heile eine langsida. Så dei som kjem vil nok få seg overrasking, for rekordforsøket er ope for alle som ynskjer sjå.