Telefonloggen skal ifølgje VG.no vise at Fridtun vart ringt opp av NRK klokka 18:00. Avisa skriv at dette var eit tidspunkt foreldra sjølve seier dei ikkje torde å ringje dottera fordi dei var redd det kunne setje ho i fare.
NRK Sogn og Fjordane publiserte klokka 18:41 ei sak på nett der det går fram at Fridtun seier ho ikkje kan snakke høgt. Ho fortel at ho har gøymt seg i vasskanten saman med 20 andre, og at dei høyrer skyting i bakgrunnen.
Seinare skulle det vise seg at Hanne Kristine Fridtun var mellom dei omkomne under massakren på Utøya 22. juli.
Difor klagar foreldra NRK til PFU
I PFU-klagen hevdar foreldra at NRK har brote god presseskikk, og at NRK burde ha skjønt at Fridtun var i livsfare. Foreldra klagar også på at NRK skal ha forsøkt å få dottera direkte i studio – noko dei meiner har komme fram under politiavhøyr med NRK-reporteren.
Eit anna punkt i PFU-klagen går på publiseringstidspunktet for nettsaka, eit tidspunkt foreldra meiner NRK burde ha skjønt at det var ein fare for at dottera ikkje lenger var i live.
Til slutt vert NRK klaga inn for å ha teke telefonisk kontakt med foreldra og sagt at Hanne Kristine Fridtun var i live, slik at dei gav meldinga vidare til slekt og venner, skriv VG.no.
– Saka reiser prinsipielle spørsmål om pressen sine retningsliner for kontakt med personar som er i situasjonar der det er fare for livet deira, skriv advokatfullmektig Martin Eiebakke i PFU-klagen.
Redaktøren glad PFU ser på saka
Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen seier overfor avisa at han i etterpåklokskapens lys gjerne hadde sett at samtalen med Fridtun aldri hadde vore gjort, men at NRK aldri prøvde å få AUF-leiaren direkte i studio.
Han avviser også at NRK ringte Fridtun så seint som klokka 18:00, men stadfestar at han sjølv tok kontakt med foreldra kort tid etter telefonen til dottera.
– Men det var ein nøktern samtale, der eg kjende ansvar for å seie at vi hadde snakka med dottera. Eg hadde ikkje grunnlag for å seie nok omeir enn akkurat det, seier Sanne-Gundersen til VG.no.
Distriktsredaktøren understrekar at NRK ringte Fridtun på heilt vanleg journalistisk måte, der reporteren presenterte seg og forklarte kvifor ein ville prate med ho.
– Eg er glad PFU skal sjå på dette, slik at ein ekstern part kan vurdere arbeidsmetodane våre. Vi har ikkje noko å skjule, seier Sanne-Gundersen.
Klagen vert handsama av PFU seinare på året. NRK Sogn og Fjordane har førebels ikkje fått oversendt sakpapira frå utvalet.