Hopp til innhold

Kjøsnesfjorden kraftverk er opna

Like etter klokka 12 i dag stod olje- og energiminster Terje Riis-Johansen (Sp) for den offisielle opninga av Kjøsnesfjorden kraftverk.

– Eg har reist hit fordi et synest dette prosjektet handlar om veldig, veldig mange positive ting. Dette er eit prosjekt som vi treng fleire av i landet vårt. Vi har relisert eit prosjekt som eg trur alle er samde om er bra, sa Riis-Johansen då han opna kraftverket.

Artikkelen held fram.

Kjøsnesfjorden kraftverk

OPNA: Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp), her saman med fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) erklærte tysdag ettermiddag Kjøsnesfjorden kraftverk for offiselt opna. T.v. fylkesleiar i Sp, Karen Marie Hjelmesæter.

Foto: Birger Meland, NRK (mms)

– Eit stort og viktig kraftverk

Kjøsnesfjorden kraftverk AS som fekk klarsignal frå Stortinget i mars 2004, er eit av dei største nye vasskraftverka som er bygd i Norge dei siste åra. At kraftverket no er komen i drift, er viktig, meiner statsråden.

– 247 GWh er så mykje kraft at det gjer ein forskjell i høve til straumproduksjonen i dette området. Det er eit stort og viktig kraftverk. Eg vil gratulere alle dykk som har bidrege til å realisere dette prosjektet. Gratulerer med dagen!, sa Riis-Johansen i si helsing.

Sunnfjord Energi og BKK

Blant dei som er glade for å vere i mål, er ingeniør Kjell Johnny Kvamme i Sunnfjord Energi.

– Det er kjekt å endeleg vere i gang, seier Kvamme som i NRK Sogn og Fjordane si føremiddagssending viste reporter Birger Meland rundt i kraftverket på direkten.

Kraftverket, som er eigd av Sunnfjord Energi (73 prosent), BKK (20) prosent og grunneigarar (sju prosent), har vore i drift ei tid, men i samband med den offisielle opninga er produksjonen stoppa.

– No er det 24 timar sidan vi stengde av, men turbinen er framleis varm, forklarte ingeniøren då han tok NRK med inn i det aller heilagste.

Har tatt fire år å byggje

Ved full produksjon vil anlegget ha ein årleg produksjon på 247 GWh, med ein installert effekt på 84 MW. Det tilsvarer straumforbruket til 12.350 husstandar.

Kjøsnesfjorden kraftverk

I FJELLET: Det meste av Kjøsnefjorden kraftverk er ikkje synleg ute i dagen.

Foto: Sunnfjord Energi

Bygginga av kraftverket har tatt fire år og har ei kostnadsramme på ca 560 millionar kroner (2000-kalkyle). Totalt har anlegget kosta ca 900 millionar kroner.

Kraftverket utnyttar eit fall på 760 meter frå reguleringsmagasinet Trollavatnet til Jølstravatnet. Anlegget omfattar av kraftstasjon i fjell, 20 km tunnelar, 760 meter sjakter, to fyllingsdammar og 11 bekkjeinntak.

Reporter Birger Meland vart vist rundt i kraftverket på direkten i føremiddagssendinga tysdag.

Slik blir opninga markert:

10.30 - 12.00: Biletshow på Lunde turiststasjon frå byggjearbeidet og landskapet i byggjeområdet. Hornmusikk ved Arvid Anthun og Trude Skarvatun.

10.30 - 11.30: Omvising i kraftverket for gjestar.

11.30 - 12.00: Statsråden og gjester får omvising i kraftstasjonen.

12.00: Samlingssignal med fanfare.

12.20: Olje- og energiministeren talar og opnar formelt kraftverket. Ein film viser korleis oppstarten i kraftstasjonen føregår.

12.55: Riis-Johansen reiser.

13.00 - 14.15: Servering av kortreist mat og drikke på Lunde turiststasjon.

14.15: Helsingar

14.25: Musikk ved Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch.

14.30: Kaffiservering.

14.30 - 16.30: Gruppevis omvising i kraftstasjonen.

15.00: Fottur opp Lundeskaret til Trollevatnet med kjentmann.

Kraftverket held også open dag 10. oktober.