Hopp til innhold

Kjenner seg sterkare enn nokon gong

Vann sesongstarten på Beitostølen med eit halvt minutt - trass tre strafferundar.

Ann Kristin Aafedt Flatland

STERK FYSISK: Ann Kristin Flatland meiner ho er sterkare enn nokon gong. Det er lovande takter så tidleg i sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ann Kristin Aafedt Flatland var i ein klasse for seg under sesongopninga på 7,5 kilometer sprint på Beitostølen:

Trass tre bom på standplass banka ho nærmaste konkurrent med 25,9 sekund.

- Det vart litt mange bom, men elles var løpet heilt greitt, seier Flatland til NRK Sogn og Fjordane.

Middels innsats i skyting - rå på ski

Flatland fekk ein bom på liggjande, og meinte det var ei grei skyting. Ho var meir misnøgd med det ho gjorde på ståande - der det vart to bom.

Men det spelte lita rolle, så lenge ho var så suveren i sporet.

- Eg har nok aldri vore så sterk fysisk nokon gong før. Spesielt teknisk i padling er eg betre enn før. Så eg har nok gjort mykje rett i sommar, meiner Vik-løparen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ann Kristin Aafedt Flatland på startstrek

MÅ HEVE SEG: Skal Flatland til topps i verdscupen, må ho skyte betre.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Ikkje godt nok til verdscupen

Flatland var stor favoritt før rennet, ettersom Tora Berger melde forfall i morgontimane.

Desto større var gleda over å innfri.

- Held dette til å hevde seg i verdscupen?

- Nei, det var nok for mange bom til det. Men løpstida trur eg hadde vore sterk også i verdscupen, seier Flatland.

Polske Weronika Nowakowska Ziemniak og Agnieska Cyl tok dei andre plassane på sigerspallen.