Hopp til innhold

Kjempestein trefte bustad i Ulvik: – Eg sat i hjørnesofaen der fem minutt før

Far og son hadde akkurat gått ut i bilen då ein stein på rundt fem kubikkmeter knuste eit hjørne på huset. Ti personar er evakuerte.

Stein trefte bustad i Ulvik

«TV-KROKEN» KNUST: Like før steinen traff huset, sat familiefaren i sofaen innanfor dette hjørnet.

Foto: Ulvik brannvesen

– Me sat og såg film. Så skulle me køyra ein tur inn til bygda. Eg sette meg ut i bilen, og sonen min kom ut rett etter. Han rygga tjue meter, så seier han «der kjem det steinsprang», fortel Steinar Ljones.

Han og sonen Anders Sorteberglien Ljones fekk ein dramatisk onsdagskveld, medan sambuaren var på jobb.

Familien bur tett oppunder ei bratt fjellside, i Vallavikvegen i Ulvik herad ved Hardangerfjorden.

– Eg opna bildøra og sa:«No spring me! Ned i reiskapsskjulet!»

Sat i sofaen

Dei fór ned i kjellaren der, og la seg inntil muren på baksida av bygget.

– Der er det heilt ny betongmur. Me tenkte at viss det kom steinar, ville dei spretta over. Så vart det eit fæla krasj. Straumen gjekk. Og eg trur det kom fleire steinar.

Etter ei stund gjekk dei opp. Anders sprang inn i huset og henta hunden, som var inne.

Dei såg at ein kampestein på 5–6 kubikkmeter – stor som ein varebil – hadde treft huset på eitt hjørne.

– Steinen hadde spjerra opp heile ytterveggen, som berre hang og slang. I sofaen i hjørnet rett innanfor der låg eg fem minutt tidlegare og såg film, fortel faren.

Stein trefte bustad i Ulvik

Verken folk eller dyr vart skadde då raset råka garden.

Foto: Ulvik brannvern

– Det var fælt å sjå dei store skadane, seier Anders.

Nytt ras

Så tok dei bilen og køyrde vekk. Dei varsla politiet rundt klokka 19.30.

Avisa Hordaland fortalde om hendinga først.

– Me har 70 sauer som står i fjøset der. Steinen trefte huset, og trilla ned og la seg to-tre meter frå fjøset.

Dei to stilte seg nede ved eit naust nokre hundre meter vekke, før brannvesenet og politiet kom.

– Dei køyrde opp og kikka. Då kom det nytt ras. Så det var litt action.

Det har kome mykje snø i Ulvik i løpet av dagen. Politiet seier det kan vera fare for nye skred i området. Vallavikvegen er derfor stengd frå Torgilsbergtunnelen til Tveitastrondi.

Det er berre meldt om skader på dette eine huset, men i tillegg til den familien er ti andre personar evakuerte.

Dei rakk ikkje å tenka så mykje då dei høyrde raset komma.

– Det har kome litt stein ned på bakkane før, men ikkje på husa sidan 1600-talet. Eg har hatt i bakhovudet at det kunne skje noko ein gong, og har mange gonger tenkt at det kanskje er tryggast under reiskapshuset. Men det var jo berre flaks at me valde å springa rett veg denne gongen, seier faren.

– Me var heldige, seier sonen.

Stein trefte bustad i Ulvik

Den største steinen som kom ned til garden var truleg over fem kubikkmeter.

Foto: Ulvik brannvesen