Hopp til innhold

Oline Birgitte står fram i kampen for medieelevane si framtid på Sandane

Fylkesdirektøren vil flytte medieelevane frå Sandane til Sogndal alt til hausten. Oline Birgitte talar direktøren midt imot, og krev at dei må vere på Firda.

Oline Birgitte Nave

STÅR PÅ FOR FIRDA: Oline Birgitte Nave kjempar for at ho og medelevane skal få fullføre mediefag på Firda vidaregåande.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Striden om dei strukturen for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane er ikkje over. No går fylkesdirektør for utdanning, Begga Skaasheim, inn for å slå saman medium- og kommunikasjonsklassane på Sandane og i Sogndal alt til hausten.

Dette likar medieelevane på Firda vidaregåande skule svært lite. Etter å ha tapt kampen om å behalde mediefag, meiner dei at dei iallefall bør få fullføre utdanninga dei har starta på Sandane.

– No har fylkesdirektøren kome med ei innstilling der ein har flytta heile 3. året til Sogndal med berre 30 plassar. Vi er i dag 45 2. klassingar, så det blir altså slik at dei 15 med dårlegast karakterar ikkje får moglegheit til å fullføre studieløpet, fortel Oline Birgitte Nave.

Møtte politikarane

I dag møtte ho politikarar og fylkesbyråkratar under politikardagen på fylkeshuset på Hermansverk. Der gav ho klar beskjed om kva ho meiner om at fylkesdirektøren no vil flytte dei.

– I tillegg veit vi at det er ein hybelproblematikk i Sogndal og at våre lærarar frå Firda må flytte til Sogndal og undervise der. Så då lurer vi på om den økonomiske gevinsten er stor nok til at vi må bryte opp frå det miljøet vi har på Firda og flytte til Sogndal, seier Nave til NRK.

Firda vidaregåande skule og Trivselshagen

UTSETT FOR KUTT: Firda vidaregåande skule på Sandane mistar utdanningstilbodet innan medium- og kommunikasjon alt frå hausten 2014, om fylkesdirektøren si tilråding gjer igjennom.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fokuserer på miljø

Ho og medeelevane meiner at den beste løysinga er at dei får gå 3. året på Sandane og at det er den løysinga som vil gje best kvalitet.

– På Firda har vi lærarar som dekkjer alle emna innan mediebransjen og vi har klasserom som er spesialtilpassa. Hybelmiljøet på Sandane er veldig bra, det er der vi søkte og det er der vi har lyst å gå, seier medieeleven.

Blei lova mjuk overgang

Ho peikar på at elevane blei lova ei mjuk og god overgangsordning då skulebruksplanen blei vedteken, men at dei føler at det på langt nær no har skjedd.

– Det må vel vere like greitt at dei som har starta på Firda får gjere seg ferdig, og så kan ein byrje å tenkje på flytting av linja til Sogndal og Hafstad i Førde. Vi trur det er verdt det, sjølv om det skulle bli dyrare. Dette handlar om kvaliteten på undervisninga, og det er det elevane tykkjer er best.

Blir diskutert i kveld

Fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim, vil ikkje kommentere saka sidan den er komen til politisk handsaming. NRK er kjend med at saka blir diskutert i dei raudgrøne partigruppene i kveld for å finne ei løysing.

Også elevar frå Sogndal vidaregåande skule var på plass på Hermansverk i dag. I motsetnad til Sandane-elevane er dei svært nøgde med at det blir vidareført 30 studieplassar for 3. klassingar i Sogndal.

– Vi meiner at Sogndal er plassen å ha det på. Vi har nok lærarar, utstyr og hyblar, seier Kamilla Follevåg og Kamilla Hjartholm Solheim til NRK.