Hopp til innhold

Vart lokka med VM-billett - og då klinte Fredrik skikkeleg til...

På dei siste stemna har alt gått på tverke for benkpressaren Fredrik Myrvang (22). Då han varma opp til NM i helga fekk han beskjeden om at god løfting ville gje han VM-billett.

Styrkeløftarane i NM

KLAR: Fredrik Myrvang (midten bak) fekk klaff under NM i benkpress. Her er han saman med Dag André Mo (bak til venstre) og Tommy Navarsete. Framme frå venstre: Elise Malme, Per Otto Hauge og Roger Navarsete.

Foto: Privat

– Eg merka det godt på kroppen, og det vart veldig viktig for meg å få det til, seier naustedølen til NRK.no.

Med eit enormt prestasjonspress hengande over seg gjorde han det han har øvd på mange gonger. Kopla utan tankane på alt anna, og gjekk ut på løfteplattingen for å gjere jobben.

– Det gjekk over alle forventningar. Målet var godkjent resultat, og så sat eg att med tre godkjente løft, alle ny norgesrekord. Så det var berre fryd og gammen, seier Myrvang som løftar i klassen 53 kilo junior.

Pulsen vart høg

Seks løftarar frå Sogn og Fjordane reiste til NM i benkpress i Alta denne helga, og dei forsynte seg grovt frå medaljebordet. Fredrik Myrvang frå Naustdal har fleire mislukka stemner bak seg siste året, og etter at han fekk tre underkjente løft på RM i februar, var målet å greie minst eitt godkjent løft.

Men han visste at det ville løne seg med gode løft. Han har stått som reserve for laget som skal til VM i Litauen i mai, og på oppvarminga fekk han ein beskjed som ei stund sette han litt ut av spel.

– Landslagstrenaren kom til meg på oppvarminga og sa at om eg gjorde det bra så skulle eg få vere med på VM.

– Fekk du ikkje prestasjonsangst?

– Pulsen vart høg, og eg kjente på kroppen at det var noko viktig som skulle skje.

Sikra seg VM-billett

Sjølv om det var vanskeleg å dytte tanken heilt ut av hovudet greidde han å fokusere på løftinga. Og når han først kom i gong gjekk det som smurt. Tre nye norske rekordar på rekke ord rad vart resultatet. 137,5 kilo i første løft, 142, 5 kilo i andre og 145 kilo i tredje.

– Du må ha vore overlykkeleg?

– Ja, det var eg utan tvil. Det var eigentleg det første løftet som smakte best, då hadde eg eit godkjent løft og eg fekk VM-billetten, seier Myrvang.

Satsar mot 300 kilo

Dermed kan naustedølingen no begynne førebuingane til verdsmeisterskapen saman med to andre løftarar frå fylket. Både Dag Andre Mo (33) og Roger Navarsete (23) frå Sogndal hadde VM-billetten i lomma før NM i Alta. Begge leverte solide resultat.

Dag Andre Mo reiste nordover med ein plan om å løfte 290 kilo.

– Det starta litt trått då eg bomma på 275 kilo som skulle vere eit sikkert løft. Men eg greidde det i andre, og då tenkte eg at nei, eg kom her for å løfte 290 kilo. Så då gjekk eg all inn og greidde det, seier han nøgd og kan skilte med NM-gull i klasse senior 105 kilo.

Skal han hevde seg i VM trur han sjølv at han må løfte minst 300 kilo. Og det kan gå på ein god dag, på trening har han allereie klart det.

– Det er ein liten psykisk barriere som ligg der. Eg jobbar mot å greie 300 kilo i løpet av året, eg trur eg er god nok for det, men som sagt er det litt psykisk.

– Men du trur ikkje det blir på NM om to månader

– Vi får sjå korleis forma utviklar seg. Skal eg vere med i medaljestriden må eg opp i det. Står det om medalje, så går eg for 300 kilo, heilt klart, seier Mo.

– Forma har ikkje vore så bra...

Sogningen Roger Navarsete reiste også heim att med medalje i bagasjen. Seinast på NM i styrkeløft i november pressa han opp 245 kilo i benkpress, men i helga var ikkje forma på rett side.

– Eg gjekk for gull, men forma har ikkje vore så bra i det siste, så eg var usikker på det kilomessige målet, seier Navarsete.

I første løft gjekk han for 230 kilo, ei vekt han meinte skulle gå uansett kva form han var i. Men det gjekk ikkje. Ein teknisk feil gjorde til at stanga bikka bakover og nesten landa i ansiktet hans.

– Heldigvis var spottarane på plass, så eg ikkje fekk meg ein fatal skade, seier Navarsete.

Sikra gullet

Ein slik episode kan fort opplevast som skremmande, men Navarsete gjekk på med friskt mot på andreløftet.

– Eg prøvde nullstille meg, men eg vart litt tilbakehalden for det var ikkje noko lett løft.

Med tre kvite lamper sa dommarane at løftet var godkjent, og i det tredje og siste forsøket prøvde han seg på 240 kilo, fem kilo bak hans eigen personlege rekord.

– Eg ville gå for bestemannsprisen i juniorklassa, og tenkte at det ville vore akseptabelt sidan det er fem kilo bak personleg rekord. Men det vart for tungt på toppen, seier Navarsete.

Tre frå fylket til VM

Bestemannsprisen for junior gjekk dermed til ein annan løftar frå fylket, nemleg Fredrik Myrvang. Han og Navarsete reiser no saman til Litauen for å kjempe om edelt metall på junior-VM. Med på turen blir også Dag Andre Mo.

– 145 kilo var rimeleg greitt, og det hadde vore kjekt å bikke 150 kilo på VM, seier Myrvang.

Sterke saker for sterke resultat

Også Navarsete har sett seg mål, han vil bikke 250 kilo. Etter å ha vore plaga av sjukdom i det siste, trur han at han skal greie å halde seg unna i tida framover.

– Om eg kjenner at eg byrjer få ilt i halsen eller blir uvel, så køyrer eg på med c-vitamin, tran og appelsin.

– Og så har eg eit lite triks om at eg tek ein støyt med whisky før eg legg meg. Det reinsar kroppen føler eg, så då vaknar eg frisk og fin dagen etterpå. Det må sterke saker til, ler han.

– Sterke saker for sterke resultat?

– Hehe, ja, humrar han.