Hopp til innhold

Kjempa om IT-bransjen sin Oscar

Dataverksemda LocalHost frå Måløy nådde ikkje heilt opp då IT-bransjen delte ut den grøne IT-prisen.

LocalHost
Foto: local-host.no

Utdelinga fann stad måndag kveld i Oslo Kongressenter ved Youngstorget. Halden Center of Experience stakk av med den gjeve prisen, som innan bransjen er omtala som IT-bransjen sin Oscar.

- Det er flotte stunder og mykje stas i Oslo kongressenter. Det hadde vore kjekt å vunne prisen, seier ein litt skuffa dagleg leiar i Måløy-verksemda, Sindre Kvalheim.

Slo Dell, Hp og IBM

LocalHost var i finalen saman med finn.no, NAV-Tandberg og prisvinnarane frå Halden. Sistnemnde har utvikla verdas første klimabørs. Måløyverksemda har sidan opninga i haust markert seg sterkt innan IT-bransjen og har alt kundar både lokalt og nasjonalt.

LocalHost har mellom anna vore sentrale i utviklinga med sjøvasskjøling av store dataservarar. I kampen om den første grøne IT-prisen slo dei ut kjende dataverksemder som Dell, HP, IBM og CapGemini.

Blir lagt merke til

Kvalheim seier finaleplassen har stor betydning for verksemda.

- Vi blir lagt merke til. I dag kom mange bort og ville ha kontaktinformasjon og slå av ein prat med oss, seier han og vonar at verksemda får ein ny sjanse til å stikke av med prisen.

- Vi vonar sjølvsagt at vasskjølingssystemet som vi har utvikla saman med Innovasjon Norge, skal føre oss vidare ein annan gang.