Kjem til Førde

– Det er svært gledeleg at helseministeren kjem til Førde, seier administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde.

Helse- og omsorgsminister Anne- Grete Strøm-Erichsen

Helse- og omsorgsminister Anne- Grete Strøm-Erichsen

Foto: NRK

Helseministeren Anne-Grete Strøm-Erichsen kjem til Førde 5. mars, og skal mellom anna besøke Førde sentralsjukehus.

Ho skal også delta på dialogmøtet mellom styret i Helse Førde og ordførarane i fylket.

– Det er veldig kjekt at ministeren kjem, ikkje minst i den viktige fasen vi er inne i med å utforme strategien fram mot 2020, seier Bolstad.