Hopp til innhold

Kjelsnes: - Eg manglar nesten ord

Allereie før dei pålagde analysane er gjennomført held DSB fast på vedtaket om nedlegging av alarmsentralen i Florø. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) veit nesten ikkje korleis ho skal reagere.

Åshild Kjelsnes om nedlegging av alarmsentralen

OPPRØRT: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er svært opprørt etter at DSB ikkje vil ta omsyn til nye analyser før dei bestemmer seg i forhold til nedlegging av alarmsentralen i Florø.

Foto: NRK

– Det er nesten så eg ikkje trur det eg høyrer... Eg manglar nesten ord på å beskrive det, seier ho til NRK.no.

– Dette er ein arroganse som manglar sidestykke, legg ho til.

Vil sikre robuste sentralar

Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) held fast ved at nedlegging av 110-sentralar er best. Det sjølv om analysane Justisdepartementet har kravd enno ikkje er gjennomført.

DSB meiner nedlegging av nesten halvparten av dagens 110-sentralar er det som må til for å sikre store og robuste fagmiljø som står betre rusta når det skjer store hendingar.

Blant sentralane som er vedteke nedlagt er 110-sentralen i Florø, der DSB vil samlokalisere denne med sentralen i Hordaland.

Nye analyser vil ikkje endre synet på nedlegging

Med bakgrunn i klagen frå Telemark, der prosessen har kome lenger enn i Sogn og Fjordane, sette Justisdepartementet foten ned i byrjinga av april. Departementet krev meir informasjon om konsekvensane av ei nedlegging.

Den informasjonen vil DSB skaffe til vege, men vedtaket om nedlegging av sentralen i Sogn og Fjordane endrar seg ikkje.

– Standpunktet rundt Sogn og Fjordane blir for så vidt ikkje endra, fordi det vedtaket er endeleg fatta og ligg i departementet, seier Rygh Pedersen til NRK.no.

– Så er det også ei klagesak knytt til Sogn og Fjordane, og den blir ikkje avgjort før klagesaka for Telemark er ferdig handsama.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alarmsentralen, Terje Brandsøy

TORDE IKKJE JUBLE: Då justisministeren sette foten ned tidlegare i månaden torde ikkje dagleg leiar ved Alarmsentralen, Terje Brandsøy, å juble. No ser det ut til kampen for arbeidsplassen framleis kjem til å bli tøff.

Foto: Montasje: Privat, Øystein Veum, Silje Guddal / NRK

– Ikkje berre utgifter og inntekter

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes har lite til overs for denne framferda. Ho reagerer også på informasjonen DSB er ute etter i analysen dei skal få gjennomført av eksterne.

– Eg må seie eg reagerer på at ein skal ha ei analyse av samfunnsnytte der ein snevrar det inn til å sjå på utgifter og inntekter. Det er ikkje mykje samfunnsøkonomi i det, seier Kjelsnes.

– Ikkje gjort faglege vurderingar

Rygh Pedersen viser vidare til at dei har tunge faglege argument som gjer at dei meiner færre og større sentralar vil gje eit meir robust tilbod. Kjelsnes meiner dette slett ikkje stemmer for Sogn og Fjordane.

– Ein kan spør om i det heile teke har lest det som alarmsentralen i Sogn og Fjordane kan skilte med i høve robustheit, bemanning, kompetanse, vurderingar og dei tekniske løysingane, seier Kjelsnes og held fram.

– Eg meiner dei ikkje har gjort faglege vurderingar. Det gjekk tydeleg fram av brevet vi fekk i vinter at det som var viktig i deira auge var å få dette inn mot dei store byane og lage færre og store sentralar i gamalt tradisjonelt mønster.

– Det er ikkje gjort fagvurderingar i forhold til kor robuste dei eksisterande sentralane er.

Får brei politisk støtte

Ordførar Arve Helle i Fjaler vil ikkje godta direktoratet si avgjerd.

– Ein skal skaffe seg ein grundig og god rapport, men eg lurer på kvifor ho skal det når ho likevel har konkludert i saka. Eg forventar at justisministeren reagerer på måten dette har blitt behandla på, seie Arve Helle.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Ap vil løfte saka inn til sin partikollega i justisdepartementet.

– Eg kjem til å ta direkte kontakt med Grethe Faremo, for dette kan me verkeleg ikkje ha hengande i lufta.

– Men er det ikkje nettopp dette justisministeren har bedt om?

– Nei, eg meiner at justisministeren ba om ein konsekvensanalyse i forkant om kva som vil skje om legg ned sentralen, seier Heggø.

Også Sp-leiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete er forundra over direktoratet sin framgangsmåte.

– Eg finn grunn til å undre seg over ei slik haldning. Det vitnar om at ein legg prestisje i saka og ikkje er villig til å sjå på moment som kan tala i ei anna retning.

– Det er skuffande at eit fagmiljø som bør byggja på samfunnsøkonomiske analysar, utrykker at uansett kva som kjem fram i analysane so vil dei faglege tilrådingane ligga fast, seier Navarsete.

Jobbar vidare

Kjelsnes bur seg no på å stå samla med resten av Sogn og Fjordane i den vidare kampen. Sogn og Fjordane har allereie sendt inn ei klage til departementet på DSB sitt vedtak om nedlegging i Florø.

Denne vil først bli teke stilling til etter at klagen frå Telemark er handsama.

– Vi vil prøve å ha ein god dialog mot den parten som skal handsame anken, og slik eg oppfattar det så har vi no litt meir tid på oss enn vi trudde i utgangspunktet.

– Vi skal kobbe sakleg og skikkeleg fram til det endelege vedtaket blir gjort, seier Kjelsnes.