Han hadde kasta brennande gjenstandar etter publikum ved Kjippen-bålet like før klokka eitt i natt.
Mannen vart først køyrd til politistasjonen. Seinare vart han køyrd heim med pålegg om å halde seg heime. Det vert oppretta sak på forholdet.
Ein halvtime før måtte politiet ta hand om ein mann i 20-åra som skaut opp fyrverkeri i Strandgata. Mannen prøvde å springe frå staden då han vart oppdaga og etterkom ikkje pålegg om å halde seg i ro.
Etter kort tid vart han innhenta av patruljen. Saka vert vidare etterforska av Flora politistasjon.