Hopp til innhold

Karadas nærmar seg Brann.

Azar Karadas nærmar seg ein overgang til Brann. TV2 melde sundag at Brann skal vere villige til å betale ein million kroner for Karadas, men Sogndal krev meir enn dette. No skal Karadas sjølv bidra med ein del av overgangssummen, og skal også vere aktuell for ei rolle utanfor bana i Brann, ifølgje Sogn Avis. Leiinga i Sogndal har tidlegare avvist at Karadas er til sals.