Hopp til innhold

Kaotiske tilstandar på Filefjell - folk trassa skilt om stengd veg

Det har vore kaotiske tilstandar på europaveg 16 over Filefjell søndag ettermiddag og kveld. Fleire vogntog skal ha fått problem, og trafikkproblema berre balla på seg.

Kaos på Filefjell

KAOS PÅ FILEFJELL: Fleire vogntog har køyrt seg fast, brøytebilen er sperra inne mellom vogntoga, og bilistane respekterer ikkje skiltet om at fjellovergangen er stengd. – Det er kaos og folk må bu seg på å vente, opplyser politiet som har tilkalla bilberging.

Foto: NRK-tipsar

SISTE: Klokka 18.50 opna E16 over Filefjell for kolonnekøyring etter problema. Store køyretøy må bruke kjetting er den klare beskjeden, frå Vegvesenet.

Sidan før klokka 16.30 søndag ettermiddag har det vore store trafikale problem over den sterkt trafikkerte fjellovergangen. Fleire titals bilar skal ha stått i kø.

Det har vore kolonnekøyring på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, og mange har difor valt denne vegen.

Det er ei rekkje vogntog som har hatt problem på fjellovergangen. Mellom anna ein norskregistrert semitrailer ha hamna i grøfta, etter at den møtte på eit anna køyretøy. Denne bilen måtte til slutt ha hjelp av bilbergar for å kome seg av staden.

Etter det Vegtrafikksentralen i Lærdal veit skal problema ha starta med eit polskregistrert vogntog som måtte stogge for å legge på kjettingar. Denne bilen skal ha kome seg av staden veg eiga hjelp.

I tillegg har det blitt store trafikale problem i området der det går føre seg vegarbeid. Her er det berre eitt køyrefelt, men ikkje lysregulering. Her har det blitt kaos då bilar har møttest og ikkje kunne passere.

Gav blaffen i skilt

E16 over Filefjell vart stengd klokka 16.23 på grunn av problema.

Men problema vart berre verre då fleire bilistar trassa skiltet som varsla om stengd veg. Brøytebilen fast mellom fleire vogntog, og kom seg ikkje vidare. Der med fekk ikkje mannskapet sperra vegen fysisk, slik dei brukar å gjere med bom.

Statens vegvesen og politiet oppmoda i 17-tida på det sterkaste om at folk måtte respektere skilta og ikkje køyre opp på fjellet.

Sommardekk på vogntog

Det skal ha vore fleire vogntog med problem på fjellovergangen i ettermiddag.

Mellom anna eit polskregistrert vogntog, som etter det NRK blir fortalt av folk på fjellet skal ha hatt sommardekk.

Det skal ha komme seg laus, men god hjelp frå ein annan norsk vogntogsjåfør.

– Såpeglatt

Ingri Hundhammer Smilden var på veg til Bergen frå Oslo fortel at dei har hatt problem med å ta seg over fjellet.

– Vogntoga står i kø ned frå fjellet med eit hjul i grøfta. Det er såpeglatt og kjempefarleg, seier Hundhammer Smilden til NRK.no. Etter det ho forstår har fleire av tungbilane køyrt ned fjellet utan kjetting.

For henne var det inga kjekk oppleving å køyre over fjellet.

– Det har vore kjempeskummelt. Det er såpeglatt, heilt spegelblankt.

Sende politipatrulje til staden

– Vi har fått melding om lange køar, seier operasjonsleiar Ketil Drange ved Sogn og Fjordane politidistrikt ei tid før klokka 17.

– Vi har sendt ut ei politipatrulje så vi får sjå når dei kjem fram kor lenge vegen vil bli stengt. Bilberging er tilkalla, opplyste politiet.

Det siste døgnet har det vore fleire stengde fjellovergangar på grunn av dårleg vêr med sterk vind og mykje snø.

Bergingsbil på plass

Christian Jensen er ein av dei som har venta på fjellet. Han er på veg til Sande i Sunnfjord får Oslo, og ana uråd allereie frå Tyinkrysset og innover Filefjell.

– Eg trefte ikkje på nokon bilar på veg over fjellet, og heller ikkje på veg nedover. Først når eg nærma meg Borlaug såg eg ei kø av bilar framfor meg, seier han til NRK.no i 17.30-tida.

Jensen måtte dermed stogge semitraileren sin nokre kilometer aust for Borlaug. Etter å ha stått i over ein halvtime i kø måtte han flytte bilen for at bergingsbilen frå Vang skulle kome seg forbi.

– Bergingsbilen har no køyrt forbi meg og ned i det området der det er bilar som har problem, seier han til NRK.no i 17.30-tida.

– Ein del har fått sleppe forbi

Klokka 18 seier Jensen at ein del store og små bilar som er på veg austover har komme seg forbi.

– Det kom ei bra kø med både store og små bilar for litt sidan, seier han.

Ein del av personbilane han har hatt bak seg, som altså er på veg vestover, skal ha blitt dirigert forbi han og lenger nedover i dalen.

– Men det skal framleis vere ein del problem der nede, seier Jensen.

Løyser seg opp

Då klokka nærma seg 18.30 var situasjonen i ferd med å løyse seg opp.

Klokka 18.50 opna E16 over Filefjell for kolonnekøyring etter problema.

Store køyretøy må bruke kjetting er den klare beskjeden, frå Vegvesenet.