Hopp til innhold

Saknar interesse frå kommunen - lagar til eiga band-tevling

Musikar Lasse Bødal var så lei over at kommunane aldri lagar til noko for unge musikktalent at han no inviterer til band-tevling for ungdom frå heile fylket.

Lasse Bødal

STÅR BAK: Musikkentusiasten Lasse Bødal står bak 'Battle of the bands' på Kaupanger.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Komande laurdag står Lasse og musikar-kameratane hans bak «Battle of the bands» i det ærverdige ungdomshuset på Kaupanger, Skogly.

– Dette er eit prosjekt som tek opp hansken der kommunen ikkje greier meir. Dei hevdar gjerne at dei ikkje har ressursar, så då må vi private stille opp og gje ungdomen moglegheit til å få synt seg fram som dei dyktige musikarane dei er, seier Bødal som overhovudet ikkje har ambisjonar om at dette er noko dei skal tene pengar på.

- For slappe

– Det viktige for oss som står bak er å gje musikalsk ungdom frå Sogn og andre stader i fylket ei scene å stå på, der dei får møte andre musikarar.

Han føler at utanom til dømes Ungdommens Kulturmønstring, så er det offentlege slappe med å leggje til rette for at ungdom skal få spela i band - ikkje minst i Sogndal kommune der han bur.

– Til tider så føler eg at kommunane rundt om kring mistar fokus på kva som er viktig. Eg meiner at kultur skal vera ein berebjelke også i ungdomsmiljøa. Vi hadde eit flott ungdomshus i Sogndal, Solhov, som har blitt nedprioritert av kommunen og ikkje brukt pengar på, seier Bødal.

Tidlegare i september gjorde ein eit nytt forsøk på å få miljøet i Solhov opp att, noko Bødal sjølvsagt set pris på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Henrik Hovland

BLIR MED: Henrik Hovland (t.v.) er eit stort gitartalent frå Sogndal. Han er ein av dei som spelar på «Battle of the bands». Her saman med Helga Farestveit.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Må stå på

Men i vekstkommunen Sogndal har ein ikkje klart å halde det uorganiserte musikkmijøet for dei unge i hevd, meiner musikaren frå Kaupanger.

– Utan viljen i kommunen og utan skikkeleg gode leiarar i ungdomsdelen i kommunen, så blir det eit problem. Men dermed så må vi andre lokale ta opp stafettpinnen og prøve å vidareføre det og gjere noko for dei som er interessert.

Får spela inn

Bødal stiller sjølv med premien til det bandet som stikk av med sigeren i «Battle of the bands».

– Premien som vi deler ut føler eg at er ganske så bra for eit ungt band. Vi har bygd opp eit studio på Kaupanger, og vinnaren får spela inn ein låt gratis her. Eg trur det kan vere ein god sjanse for unge musikarar, smiler Bødal, som vonar dette blir ein årleg radisjon som vil trekke unge utøvarar i ulike sjangrar til Kaupanger.

Sogndal kommune har i lengre tid vore utan kultursjef, og ingen i kommunen der har vore tilgjengelege for kommentar så langt.