Hopp til innhold

Kan ikkje fotball - vann millionar

Ei kvinne i 70-åra opplevde alle tipparar sin store draum. Men peiling på fotball - det har ho ikkje!

Norsk Tipping (Illustrasjonsbilde)
Foto: NRK

- Det er ikkje sant - no må eg setje meg. Eg har ikkje filla peiling på fotball og er ikke så veldig interessert, så hvis dette er sant er det ikkje til å tru, var reaksjonen til bestemora frå Nordfjordeid.

Då var Norsk Tipping på tråden, og kvinna i 70-åra var åleine om å ha 12 rette.

Har levert kupong i 30 år

Det gav ei total utbetaling på svimlande 4.615.465 kroner.

Ikkje verst for ein tippar utan snøring på fotball...

- Eg leverer to faste kupongar på 16 rekker kvar søndag, og det har eg gjort så lenge eg kan hugse. Eg hadde tolv rette ein gong før, men det skjedde då det var 13 kampar på kupongen. Eg vann vel 1800 kroner, trur eg, seier kvinna til Norsk Tipping sine nettsider.

Den faste kupongen har ho levert inn nesten kvar veke i heile 30 år.

Målet gjev barnebarna pengar

Til alt overmål fall resultata på plass på ein svært spennande måte:

Idet kamp nummer 12 på kupongen gjekk mot slutten, var stillinga nemleg 1-1 mellom storfavoritten og heimelaget Benfica og Académica Coimbra. Benfica pressa hardt og såg ut til å kunne få inn eitt mål til mot slitne Academica-spelarar, som dessuten var redusert til ti mann i det meste av andre omgang.

Men: Det siste som skjedde i kampen var at Laionel Ramalho dunka ballen over Benfica-keeperen fra 30-35 meter og i mål.

Målet i Portugal genererer pengar til barnebarna til bestemora frå Nordfjord.

- Eg har tre barn og seks barnebarn, så dei skal iallfall få ein del, seier kvinna til dagbladet.no.