Ifølgje nettavisa nett.no har to anerkjende selskap innan finansrådgjeving og næringseigedom sett på verdien av kontrakten som vart annullert då Entra braut samarbeidet med Norwegian Datasenter Group.
Selskapa bestemte seg i 2012 for å gå saman om datalagringssenteret på Austlandet. Satsinga skulle skje gjennom det felleseigde Greenfield, men samarbeidet stranda i januar i fjor.
Rådgjevarar meiner ifølgje nett.no at tapet er på minst 200 millionar kroner. Medrekna verdien av ein opsjon på ytterlegare to datalager i Akershus, meiner dei tapet kan komme opp i 400 millionar kroner.
Som NRK tidlegare har fortalt,
. Frå 6. januar 2014 skal det brukast tre veker i Oslo tingrett til saka.