Hopp til innhold

Kan ha skremt tiggarar frå byen

Det er færre tiggarar i Bergen enn på fleire år. Politiet trur meldeplikta kan ha skremt mange.

Tigging
Foto: NRK

Det plar vere tett mellom tiggarane i Bergen om sommaren. Men i år trur politiet me vil sjå færre tiggarar enn me er vande til.

Les òg: Økende antall tiggere i Bergen , Bergen oppretter tigger-register , Tiggerne registrerer seg ikke , Ønsker løsgjengerlov tilbake , Vil ha tiggerfrie soner i Bergen

- Denne sommaren skil seg ut

- I løpet av mai og juni i år har me sett mange færre tiggarar enn samanlikna med dei to-tre siste åra, seier politiadvokat i Hordaland politidistrikt Arne Fjellstad.

Sidan 2007 har det vore ein markert auke i talet på tiggarar i Bergen. Denne auka skuldast i hovudsak at det har kome fleire utlandske tiggarar til byen.

Meldeplikta kan ha skremt mange vekk

Frå 1. januar i år innførte politiet, som fyrste by i Noreg, meldeplikt for tiggarar. I praksis vil dette seie at tiggarar må bere med seg eit dokument som syner at dei har registrert seg hjå politiet.

- Me registrerer at denne meldeplikta ikkje har vore så populær blant mange av dei utanlandske tiggarane. Dette ser me ved at dei trekk seg vekk når me kjem. Mange av dei me var i kontakt med kom ikkje og meldte seg slik dei vart informert om, og andre me prøvde å kome i kontakt med sprang vekk når dei såg oss, seier Fjellstad.

- Det er berre ein igjen

At det kjem fleire tiggarar til byen om sommaren har lenge vore ei utfordring for Bergen Storsenter, men i år har dagleg leiar Ingunn Hansen berre ein person å forholde seg til.

- Vanlegvis plar det kome ei gruppe utlandske personar som slår seg ned på Nygårdstangen, og dei er tiggarar. Men i år har eg ikkje sett dei. Den siste tida har eg berre sett ein person som tiggar i vårt nærområde, seier Hansen.

Ynskjer ikkje tiggarane tilbake

- Tidlegare har mange som har stått både inne og i inngangspartiet som me har måtte vise vekk. Det er ikkje kjekt verken for oss eller kundane våre at det er tiggarar på senteret, seier Hansen.