Hopp til innhold

Fekk betalt for å halde seg edru i tre månader

Fire studentar testa studentlivet utan å drikke. – Mange trur ein må alkohol for å vere morosam og treffe folk på byen, seier Ida Torkjelldatter Storhaug.

Studenter i prøveprosjekt uten alkohol

HELTAR UTAN DRIKKE: Michelle Buer (f.v.), Andreas Mathisen, Ida Torkjellsdatter Storehaug og Kasper Vagle levde alle utan alkohol – og fekk betalt for det. Heile 57 personar søkte om å bli med på prosjektet.

Foto: Prosjektet Nattens helter

Ida Torkjellsdatter Storhaug skulle få betalt for å vere edru i tre månader og blogge om det. Ho hadde tenkt å takke nei til tilbodet, men det var før ho hørte venene sine reaksjonar.

– Dei sa mellom anna at det ville vere keisamt å vere med meg. Då tenkte eg: «Kvifor skal det vere så vanskeleg å vere edru student?», seier ho.

– Lett å bli ekskludert

Dermed vart ho med i prosjektet «Nattens helter», der fire studentar fekk betalt for å halda seg edru.

– Det vanskelegaste med å vere avhalden i tre månader, er når ingen andre er det. Dersom ein er på festar med mykje fyll, er det lett å kjenne seg ekskludert, seier Storhaug, som også er leiar i Studentersamfunnet i Bergen.

«Nattens helter»er eit prosjekt starta av organisasjonen World Wide Narrative, med pengestøtte frå mellom anna Oslo kommune og Studentsamskipnaden i Bergen.

Ida Torkjellsdatter Storhaug

KAN HA DET KJEKT: – Eg klarar å ha det sosialt og hyggjeleg utan å drikke, seier Ida Torkjellsdatter Storhaug.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Målet var å ta eit oppgjer med sosialt drikkepress og prøve eit liv utan alkohol. Heile 57 studentar søkte til prosjektet. To studentar frå Bergen og to frå Oslo vart plukka ut til å vere med, og blogga om opplevingane sine.

Festa til klokka fem utan drikke

Prosjektet var ferdig i november, og Storhaug ser tilbake på ei tid der ho opplevde både vanskelege og positive sider ved å halde seg unna alkohol.

På bloggen sin fortel ho om den siste festen i tida som alkoholfri, ein fest som toppa alt anna i semesteret i fjor haust.

– Eg var heime etter klokka fem, og ingen kommenterte at eg ikkje drakk, sjølv om eg ikkje kjente nokon der, skriv ho i bloggen.

– Eg tykte at det var veldig hyggjeleg å vere med mine vener når dei var i feststemning og hadde drukke litt. Då kunne eg vere veldig i kontroll, og likevel vere med på det, seier ho til NRK i dag.

Sjølvtillit med alkohol

For meg er fadderveka essensen av kva som er gale med drikkekulturen i studentmiljøet.

Ida Torkjellsdatter Storehaug

Student ved NHH, Nicolas Haeffele, drakk om lag tre gonger i veka då han først byrja som student. No drikk han berre éin gong i veka.

– Kanskje nokon føler at dei har litt meir sjølvtillit når dei har alkohol i seg, men eg har det ikkje sånn. Eg klarer å ha det sosialt og hyggjeleg utan å drikke, seier han, og peikar på drikkepress i dei første studieåra.

– Det var kanskje litt drikkepress, mykje festing og fadderveke. Men med åra har eg gått litt lei av det, og har litt andre ting å gjere enn festing.

LES OGSÅ: – Studiestart er russetida på nytt

Han trur at alkohol ikkje er like viktig når ein har etablerte venskap, som når ein skal stifte nye kjennskap.

– Ein dannar seg sitt nettverk etter kvart, og har sine faste venner. Då treng ein kanskje ikkje å feste og treffe nye folk heile tida, seier Haeffele.

Drikkepress i fadderveke

I ei undersøking utført av TNS Gallup i 2010, kom det fram at 16 prosent av studentane drikk alkohol fleire gonger kvar veke. Talet er lågare utanfor universitetsbyane, noko som truleg både har samanheng med serveringstilbod og spesielle forhold knytt til studentmiljøa.

– Eg trur veldig mange studentar trur at ein må ha alkohol for å vere morosam og treffe folk på byen, seier Ida Torkjellsdatter Storhaug, og peikar spesielt på fadderveka.

– For meg er fadderveka essensen av kva som er gale med drikkekulturen i studentmiljøet. Der speler alkohol ei veldig stor rolle, så eg trur at studentar trur alkohol er kjempeviktig for å sosialisere.

Undersøkinga frå 2010 syner at 77 prosent av alle studentar i Noreg deltek på fadderveka. I Bergen og Trondheim er talet på 84 prosent.

LES OGSÅ: Forskerrapport: – Alkoholen er eit sosialt lim

Farlege drikkevaner

Undersøkinga syner at 47 prosent av studentane har drikkevaner som kan bli farlege over tid.

– Eg tenkjer at det problemet er todelt. På den eine sida er studentmiljøet konstruert slik at folk opplev drikkepress. På den andre sida er det ein forventning til at studentar skal drikke mykje, seier Storhaug.

64 prosent av studentane meiner at det er for mykje alkohol i studentmiljøet, og 58 prosent meiner at det burde vore fleire alkoholfrie studenttilbod.

  • Kva meiner du om drikkekulturen blant norske studentar? Bruk kommentarfeltet under.