Dette er svært trist, meiner dekan Tarald Seldal.
- Det er trist både for Høgskulen og for heile fylket. Det er den akvakulturutdanninga som har uteksaminert flest kandidatar, og mange av dei sit i leiande posisjonar i akvakulturnæringa, seier han.
Stor diskusjon om studiestruktur
Høgskulen i Sogn og Fjordane er inne i ein omfattande diskusjon om framtidig studiestruktur. Allereie i slutten av juni skal styret ved høgskulen gjere vedtak på kva studiar dei skal kvitte seg med til neste år.
Det er ikkje overraskande at Ingeniørutdanninga i Førde er svært utsett, meir uventa er det at naturfagavdelinga kan bli sitjande igjen med berre hovudfagstudium i landskapsforvaltning, og eventuelt eit internasjonalt studium. Med ei slik omlegging vil ein kutte heile åtte årsverk ved naturfagavdelinga.
Rekruttert flest studentar
Akvakulturutdanninga har hatt svært få søkjarar dei siste to åra, men frå 1994 og fram til i dag, har det likevel vore den linja som har rekruttert flest studentar til naturfaga. Det einaste som kan redde akvakulturlinja er at næringslivet og fylkeskommunen finansierer delar av studiet, seier dekan Tarald Seldal.