Hopp til innhold

Kan bli kjøpesenter på slakteritomt

Sogndal kan få eit heilt nytt kjøpesenter på den omdiskuterte slakteritomta.

Slakteritomta i Sogndal

Her kan det komme eit nytt kjøpesenter i Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei siste åra har det vore planar om alt frå hotell til høgskulebygg på tomta.

Det er Fjordlinje Eigedom AS som vil bruke tomta til handlesenter, og dei håper at Coop vil gå inn som ein sentral leigetaker, skriv Sogn Avis.

Håper på endre arealplan

Selskapet har eigarar frå fleire stader i fylket og sentralt står Arne Myklebust og Rolf Navarsete.

– Det er korrekt at vi ønskjer å byggje eit handelshus på tomta, men meir kan vi ikkje seie no, seier styreleiar Myklebust til avisa.

Han håper at kommunen godkjenner endringane av arealplanen slik at kjøpesenteret kan bli bygd.

Ønskjer nye lokale

Coop skal lenge ha ønskt nye lokale i Sogndal, men Myklebust seier at ingen kontrakter er underskrivne. Dagleg leiar Geir Espe i Coop Vest stadfestar at dei er på jakt etter nye lokale fordi dagens butikk på Sogningen storsenter er for liten.