Hovudjuryen i Prix Radio har lagt fram lista over dei nominerte til 16 prisar.
NRK Sogn og Fjordane er nominert i kategorien «Årets direktesending». Her er alle dei nominerte i klassen:
- P3aksjonen, NRK P3
- Ekstrasending om flaum i Flåm, NRK P1 Sogn og Fjordane
- VM direkte norsk gull, P4
- Nitimen 50 år, NRK P1
- Grunnlovens 200-års jubileum, Radio Norge
Storflaumen i oktober i fjor var ei dramatisk oppleving for mange i Aurland. På eit tidspunkt var nær 200 menneske evakuerte. Fem hus vart feid bort med vassmassane, og seks andre fekk store skadar.
NRK Sogn og Fjordane valde å bryte inn i P1-sendinga og formidle situasjonen til lyttarane.
DU KAN HØYRE UTDRAG FRÅ DEN NOMINERTE SENDINGA HER: