Hopp til innhold

Kan bli hijakt på jerv også i år

Berre ein jerv er skoten under jervejakta på Vestlandet. Det kan bety at det også i år vert aktuelt med hijakt.

Avliva jervetispe og to ungar

AVLIVA: Denne jervetispa og to ungar er tatt ut med hijakt i Sogn og Fjordane.

Foto: SNO Aurland

- Dersom ein finn jervehi i vår region er det meir eller mindre automatikk i at det blir hijakt, seier viltforvaltar Hermund Mjeldstad i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Berre ein av seks jerv tatt ut

Saman med fylka Hordaland, Rogaland og Vest-Agder utgjer Sogn og Fjordane region 1. Her er det gitt løyve til å ta ut seks jervar under lisensjakta denne sesongen.

Men berre ein jerv er blitt tatt ut. Den vart tatt i Nørdstedalen i Luster tidlegare i februar etter at jeger Leidulf Veka i løpet av vinteren har sete 20 dagar og venta på den.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jerv tatt i Nørdstedalen i Luster februar 2011

GJEKK I FELLA: Denne 13 kilo tunge hannjerven gjekk i båsen som jegeren hadde sett ut i Nørdstedalen. Det er den einaste jerven som er tatt på ordinær lisensjakt denne sesongen.

Foto: SNO Aurland

Omstridd hijakt høgaktuelt

Dei to føregåande åra har lisensjakta på jerv vore heilt mislukka – ikkje ein einaste jerv har blitt tatt ut i region 1.

Det igjen har ført til ekstraordinære uttak, noko som også har betydd hijakt.

Det er ei jaktform som er svært omstridd, fordi ein då finn fram til jervehi og tek ut både jervetisper og små jervekvalpar.

Seinast i 2009 vart fire jervekvalpar tekne ut med hijakt her i fylket.

Region 1 - som Sogn og Fjordane ligg under - er i ei særstilling. Stortinget har sagt at det ikkje skal vere hi eller reproduksjon i området. Viss det vert registrert hi i fylket, så ligg det i korta att det blir hijakt.

Bondenæringa meiner det er viktig at det framleis vert tatt ut jerv. I 2009 vart det utbetalt 1,8 millionar kroner i erstatning til bønder som har mista husdyr på grunn av rovdyr berre i Sogn og Fjordane.

I 2010 var dette talet meir enn halvert.

Skal leite etter jervehi

Med berre ein jerv teken ut under lisensjakta er det nettopp hijakt som igjen vert aktuelt.

Statens Naturoppsyn skal utover våren kartlegge om det finst jervehi i Sogn og Fjordane.

- Dersom ein registrerer hi i Sogn og Fjordane, ligg det i korta at det vert hijakt, sa Knut Morten Vangen i Direktoratet for Naturforvaltning til NRK.no før jul.

Viltforvaltar Hermund Mjeldstad i fylkeskommunen har to forklaringar på at det berre er tatt ut ein jerv.

- Det betyr vanlegvis to ting. Det er vanskeleg å jakte jerv i Sogn og Fjordane. Det andre er at det kan bety at det er mykje mindre jerv denne vinteren enn det har vore tidlegare år, seier Mjeldstad.