Hopp til innhold

Fekk endeleg fanga jerv

Etter dagevis i jakthytta si i Nørdstedalen i Luster klarte Leidulf Veka endeleg å gjere det han var kome for å gjere. Han fanga ein jerv.

Jerv tatt i Nørdstedalen i Luster februar 2011

GJEKK I BÅS: Denne 13 kilo tunge hannjerven gjekk rett i båsen til Leidulf Veka natt til laurdag.

Foto: SNO Aurland

- Den gjekk rett i fella, seier Veka til NRK.

Første jerv sidan 2006

Veka har drive med jervejakt i mange år, men ikkje sidan 2006 har han klart å felle jerv i Sogn og Fjordane.

Det har heller ingen andre, før Veka natt til laurdag igjen fekk fangst på båsen han har sett ut i fjellet i Luster.

- Eg har venta på den i 20 dagar i vinter. Vi såg ein jerv tidlegare i haust, men den klarte vi ikkje å ta, seier Veka.

Tatt på bås

Sjølv meiner han det har vore mindre jerv i området enn tidlegare.

Men med mykje god litteratur for hand har Veka tatt seg tid til å sitje i fjellet å sjå etter jerven. Til slutt lukkast han.

- Eg kom tilbake laurdags morgon, og då hadde jerven gått i båsen der eg har lagt ut åte. Den var vel 13 kilo og er ein ung hann, fortel Veka.

Jerven Veka fekk i båsen i helga er altså den første jerven som er felt under ordinær lisensjakt i Sogn og Fjordane sidan 2006.

Fleire år med mislukka jakt

Dei siste åra har denne jakta vore mislukka, og det har fleire gonger blitt vist til at vanleg jervejakt er vanskeleg her i fylket.

Årsaka til dette er at det er vanskeleg terreng og områda der jerven held seg ofte ligg langt til fjells.

Mislukka lisensjakta har ført til fleire ekstraordinære uttak av jerv, der mellom anna hijakt har blitt nytta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Avliva jervetispe og to ungar

AVLIVA: Denne jervetispa og to ungar vart avliva då Statens Naturoppsyn gjorde uttak av jerv ved hijakt.

Foto: SNO Aurland

Omstridd hijakt aktuelt også i år

Denne typen jakt er svært omstridd, fordi ein då går inn og tek livet av små jerveungar.

Men etter at det dei to siste åra har blitt tatt ut fleire jerv på slike uttak har bondenæringa opplevd at tapet av sau til jerv har gått ned.

Lisensjakta på jerv vert avslutta den 15. februar på Vestlandet. Det er gitt løyve til å felle 6 jerv i region 1 som Sogn og Fjordane er ein del av. Dersom ikkje kvoten vert tatt ut ligg det i korta at det vert aktuelt med hijakt også i år.