Hopp til innhold

Kallar tilbake store mengder insulin

Selskapet Novo Nordisk kallar tilbake tre millionar insulinpennar på grunn av produksjonsfeil. – Ein svært alvorleg feil, seier Generalsekretær i Diabetsforbundet, Bjørnar Allgot.

Novomix 30

TREKKJAST TILBAKE: Legemiddelverket kallar tilbake Novomix 30 Flexpen frå Novo Nordisk.

Foto: Legemiddelverket

– Dette er særs alvorleg, i verste fall kunne nokon fått insulinsjokk, seier Allgot.

Det er NTB og Reuters som meldar dette fredag ettermiddag. Det er European Medicines Agency som stadfestar at eit større parti insulin vert kalla tilbake.

Ifølgje Reuters er det ein produksjonsfeil ved fylling av insulinpennane som er problemet.

Feil mengd insulin i sprøytene

Pennane kan innehalde feil mengde insulin, som pasientar med diabetes – sukkersjuke – treng. Insulinpennane kan innehalde både for lite og for mykje insulin på grunn av feilen.

Det er snakk om insulinpennen av merke NovoMix 30 FlexPen.

– Dette skapar stor utrygghet blandt dei som har diabets, seier Allgot. Det vil ramme dei som brukar ferdigfyllte insulinsprøyter. Både dei med diabetes1 og 2.

Novo Nordisk understrekar at insulininnhaldet i pennane i nokre svært sjeldne tilfelle er feil, men vel likevel å kalla tilbake alle pennane.

Totalt tre millionar pakningar er trekt tilbake. I Noreg er 27.000 pakningar selde, ifølgje Diabetesforbundet. Dei har lagt ut ei melding på sine heimesider, der dei fortel nærmare om akkurat kva for nokre pakningar det gjeld.

Desse produksjonsnummera skal du sjå etter dersom du har pennane det gjeld:

  • CP51097
  • CP50641

– Trur nokon har brukt pennane

Allgot seier at Diabetesforbundet førebels ikkje kjenner til at feilgrepet har fått store konsekvensar, men han fortel at han reknar med at nokon har brukt insulinpennane.

– Vi veit framleis ikkje korleis dette blei oppdaga, men eg er sikker på at nokon har brukt desse pennane. Det kan vere direkte farleg. For dei som brukar pennen kan dei få i seg alt mykje insulin og få veldig lavt blodsukker, og i verste fall insulinsjokk. Ein kan og få i seg alt for lite insulin, og dermed få alt for høgt blodsukker, fortel Allgot.

Han fortel vidare at pakningane med insulinpennane som har blitt solgt på apoteket innheldt både pennar med for mykje, og for lite insulin,

– Dette kunne fått alvorlige konsekvensar. Heldigvis er det ingen som har fått insulinsjokk så vidt vi kjenner til, seier Allgot.

Legemiddelverket åtvarar

Legemiddelverket ser svært alvorleg på at tre millionar insulinpennar vert kalla tilbake på grunn av produksjonsfeil.

– Insulinpennane inneheld for mykje insulin, noko som kan føre til at ein svimar av, seier medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket Steinar Madsen.

Rådet frå legemilldeveker er å sjekke produksjonsnummeret og gå på apoteket og bytte pakningen ein har kjøpt.

Her finn du nummeret

INSULINPENNANE: Desse produksjonsnummera skal du sjå etter dersom du har pennane det gjeld.

Foto: Diabetesforbundet