Kallar inn russeforeldre til møte

Foreldra til bergensrussen vert no kalla inn til eit møte med politiet om narkotikabruk, skriv BA. Då fleire bergensungdom reiste til Geilo for eit uoffisielt russearrangement førre helg, fekk politiet opplyst at det blei brukt både ecstasy, amfetamin og hasj. Målet med møtet er at foreldra skal engasjere seg og hjelpe ungdommane å ta avstand frå rus.