Hopp til innhold

NHO vil ha større kommunar

NHO vil ha større kommunar for å sikre at det offentlege tenestetilbodet og servicen overfor næringslivet blir betre.

John G. Bernander

FÆRRE OG STØRRE: Direktør i NHO, John G. Bernander meiner tida er overmoden for å redusere talet på norske kommunar.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

NHO (Næringslivets Hovedorganisasjon) meiner tida no er overmoden for å vurdere kommunestrukturen, skriv Bergens Tidende.

NHO-direktør John G. Bernander seier til avisa at det er på tide at Stortinget snart vedtek nye kommunegrenser.

Bernander viser til at den førre store runden med kommunesamanslåingar var heilt tilbake på 1960-talet. NHO-sjefen seier det i dag ikkje er nokon som angrar på det som vart gjort den gong.

Han er krystallklar på at ein må ha større kommunar dersom ein skal klare å oppretthalde og utvikle eit godt offentleg tenestetilbod, offentlege tenester, drive fornuftig arealplanlegging og sikre kommunane god nok kompetanse, skriv Bergens Tidende.

By- og regionforskar Dag Jukvam, ved Norsk Institutt for By og Regionalforskning (NIBR) meiner Norge klarar seg med 166 kommunar i framtida.

I Sogn og Fjordane meiner forskaren at dei 26 kommunane vil kunne reduserast til det halve.