Hopp til innhold

Kaldaste natt på sju år

Det er mange år sidan sist kvikksølvet i låglandet gjekk under -20 grader i Sogn og Fjordane.

Gradestokk

Illustrasjonsfoto

Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK

SJÅ: Sjå vervarselet på yr.no

I Veitastrond viste gradestokken til John Molland - 22 grader i morgontimane.

- Anten er det snø eller så er det kaldt, seier Molland og konstaterer at slike temperaturar ikkje er vanleg i bygda.

Kaldaste på lenge

Meteorologikonsulent Magnus Anglevik ved Vervarslinga på vestlandet stadfestar at det er lenge sidan det har vore registrert så kalde dagar i Sogn og Fjordane. For få dagar sidan var Ytterøyane fyr varmaste staden i landet med -0,5 grader. Natt til i dag var årets kaldaste.

LES OGSÅ: Ytterøyane varmast i landet

- Mars i fjor var tidenes varmaste, medan ekstremtemperaturane for mars i år er mellom dei kaldaste så seint i månaden, seier Anglevik.

Sju år sidan sist

Det er ikkje berre i Veitastrond det var kaldt i natt. Ved Sviggaplassen i Indre Hafslo vart det i 06-tida målt -16 grader. I begge endar av Jølstravatnet vart det på same tid målt om lag 14 kuldegrader, medan ein gradestokk ved Ospeneset i Stardalen viste 19,8 grader.

LES OGSÅ: - Hjelp, vi snør inne

- 2001 var kaldare enn det vi ser no. Då var det til dømes 20,1 minusgrader ved Tefre i Førde. Det var siste gang vi målte under 20 minusgrader i låglandet i Sogn og Fjordane, seier Anglevik.

Normal månad

Ingen av Meteorologisk institutt sine målestasjonar over det ganske land viste plussgrader i natt. Men ekstremtemperaturane viste seg å vere langt høgare både ved Hovden og Lesjaskogen med nær 30 kuldegrader. Kaldast var det på Finse med -33 grader.

LES OGSÅ: Kong Vinter herjar på kysten

- Men ser ein på snittemperaturen for månaden, så er den heilt som normal, seier Anglevik.