Hopp til innhold

Kaigaten kan bli stengt for syklar

Ei 18 år gammal blei sist veke hardt skadd i ei sykkelulukke. Bybanedirektøren lovar no tryggingstiltak.

Sykkelulykke Kaigaten
Foto: Stine Mari Sæle / NRK

Ei 18 år gammal jente blei torsdag sist veke hardt skadd i ei sykkelulukke. Jenta sklei i skinnegangen til Bybanen og hamna under ein buss.

LES OGSÅ: Tilstanden alvorlig for syklist

Jenta er framleis alvorleg skadd, og no ber far hennar Bergen kommune om å straks betra tilhøva. Han meiner dagens situasjon for syklistar er verre enn då han kom til Bergen for over 40 år sidan.

– På den tida sykla eg gjennom byen og hadde problem med dei gamle trikkeskinnene. Eg gjekk over styret to gongar, men dei skinnene var likevel lettare å takla og lettare å oppdaga farane ved enn skinnene som no er komne, seier Hermund Aasland.

– Dei ligg nedsenka i vegen og det er eit spor i skinnene som sykkelhjula lett sett seg fast i, då blir hjulet låst, og ein vil tippa framover over styret. Etter mi meining passar det ikkje med sykkeltrafikken langs denne typen skinner, seier Aadland om skinnene til Bybanen.

To ulukker same dag

Han kjenner til at ei liknande ulukke skjedde like ved, same dag som dottera hans blei skadd.

– Viss det skjer to ulukker med så kort mellomrom på dei same 200-meterane av vegstrekninga, så er ikkje dette siste gong det kjem til å skje, seier Aadland.

Han var i dag i møte med blant anna byråd Lisbeth Iversen.

Det var eit sterkt møte seier byråd Lisbeth Iversen om møtet med Hermund Aadland.

– Me tar innspela og ulukka svært alvorleg. Bybanekontoret jobbar nå med fleire ting, også innspela som me har fått i dag. I den nye sykkelplanen vår seier me nettopp at det er ikkje godt nok, me må prøva så godt som mogleg å skilja ulike typar trafikk, seier Lisbeth Iversen.

– Korleis er det å sitta ansvarleg for forhold som blir skildra som verre enn for 40 år sidan?

– Me tar dette på alvor og vil gå alle rundane me kan for å betra både det akutte, det som handlar om byggefasen no, og den varige løysinga i sykkelplanen. Me skal gjera alt som står i vår makt for å prøva å unngå denne typen ulukker, seier Iversen.

Vurderer å stenga Kaigaten

Iversen lovar at det skal komma strakstiltak og viser til bybanedirektøren.

– Bybanekontoret har i heile utbygginga hatt sterkt fokus på HMS både for dei som byggjer bybanen, og dei som ferdast langs traseen. Me skal gjera det me kan for å redusera alle risikoforhold. I denne samanhengen ser me spesielt på to forhold, for det første er det behov for å få ut informasjon om korleis ein skal ferdast oppå og ved skinnegangen, seier bybanedirektør Rune Haugsdal.

– Me ser også på ein del fysiske tiltak knytt til området i Kaigaten. Den gata er spesielt utfordrande for der har me også ein del skiftespor for banen. Me vurderer no om me som ei midlartid løysing kan plassera syklar inn på sidearealet, då ser me spesielt på gangvegen langs byparken, og midlartidig stenga Kaigata for syklar, seier Haugsdal som lovar rask avklaring.