Hopp til innhold

Gjorde tabbe før eksamen - no har Martin tapt mot staten i Høgsterett

Jusstudent Martin Seglen Baadshaug gløymde notata sine på pulten før eksamen. I går fall dommen i den langvarige juksesaka mellom han og staten.

Martin Seglen Baadshaug

Høgsterett har kome fram til at jusstudent Martin Seglen Baadshaug handla grovt uaktsamt då han la att notat på pulten før ein eksamen, og at Universitetet hadde rett til å utestenga han frå studiet.

Foto: Hilde Kristin Strand

Jusstudenten Martin Seglen Baadshaug som vart skulda for å ha juksa på ein eksamen ved Universitetet i Bergen tapte i Høgsterett saka mot staten.

Advokat for Baadshaug, Halfdan Melbye er skuffa over avgjerda til Høgsterett.

– Dommen viser kor strenge reglane for fusk i praksis er ved norske universitet. Difor er dommen viktig å merka seg for alle studentar. Det er svært strenge reglar, og ein kan bli tatt sjølv om ein har hatt eit uhell.

Eg har vore av den oppfatning om at handlinga mi ikkje har vore å sjå på som juks. No har Høgsterett sagt seg ueinig i det, og saka er ferdig for min del.

Martin Seglen Baadshaug

Fann notat på pulten før eksamen

Baadshaug vart skulda for å ha juksa då vaktene fann notat på pulten hans før eksamen. Notata vart tekne vekk og han fekk ta eksamen.

Han fekk eksamen i forvaltingsrett annullert og vart stengt ute frå all utdanning i eit halvt år, før han gjekk til sak mot Kunnskapsdepartementet.

Baadshaug tapte i tingretten, men vann like før jul ein knusande siger i lagmannsretten.

Men staten såg seg ikkje fornøgd med det, og regjeringsadvokaten anka difor saka inn til Høgsterett i januar.

Var eit uhell

Baadshaug sjølv seier dette til NRK om den ferske avgjerda frå Høgsterett:

– Eg har vore av den oppfatning om at handlinga mi ikkje har vore å sjå på som juks. No har Høgsterett sagt seg ueinig i det, og saka er ferdig for min del.

– Martin er svært skuffa over resultatet. Men det er viktig å få med seg at alle er einige om at dette var eit uhell. Elles får det få konsekvensar for han. Han er i jobb som advokatfullmektig, seier Melbye.

Han håpar dommen fører til ein debatt om regelverket.

– Dette er unge menneske og utestenging er ein veldig alvorleg reaksjon som slår sosialt veldig skeivt ut. Det blir eit hardt slag for ein student utan sosialt nettverk og god økonomi.

I dommen frå Høgsterett står det mellom anna:

«Den eneste oppgaven Baadshaug hadde, var å påse at de hjelpemidlene som han framla, var i samsvar med regelverket. Dette var nettopp formålet med å levere bøker og hjelpemiddel til forhåndskontroll. Brudd på dette regelverket må anses som alvorlig»

– Rett lovtolking

– Me er fornøgde med at Høgsterett gjev Universitetet i Bergen medhald i saka, og at dei følger vår argumentasjon, seier Håvard H. Holdø hjå Regjeringsadvokaten.

Holdø meiner lagmannsretten si avgjerd hadde skapt problem for utdanningsinstitusjonane.

– Den lovtolkinga som Gulating la til grunn hadde gitt problem for gjennomføringa av eksamen ved universitet og høgskular i Noreg. Me meiner denne vurderinga er feil, og hadde gitt ein regel som ville vore vanskeleg å praktisera for skulane.