Hopp til innhold

Junior-EM vart tidenes nedtur

Vektløftaren Sindre Rørstadbotnen (19) frå Naustdal hadde junior-EM som sesongens store mål. Det vart tidenes nedtur.

Sindre Rørstadbotnen

MØTTE VEGGEN: Junior-EM i vektløfting vart ein gedigen nedtur for talentfulle Sindre Rørstadbotnen (19) frå Naustdal.

Foto: Arne Grostad/Norges Vektløfterforbund

Vektløftartalentet frå Naustdal noterte seg for berre to godkjende løft under junior-EM i Bucuresti.

– Eg har alltid brukt å prestere bra, men denne gongen gjekk det rett og slett ikkje bra og er sjølvsagt veldig skuffa. Når du er med i eit EM og ser alle løfte veldig mykje betre enn deg, så er det flautt. Du får ein knekk. Eg kunne like godt halde meg heime, seier Sindre Rørstadbotnen.

Slanka vekk EM

Rørstadbotnen fekk godkjent 118 kilo i rykk og 153 kilo i støyt under meisterskapen i Romania. Det er godt bak dei personlege rekordane på 125 kilo (rykk) og 161 kilo (støyt).

– Eg hadde litt trøbbel teknisk, pluss at eg har gått ned vel mange kilo på kort tid. Berre i går gjekk eg ned to kilo, så kroppen var ikkje budd på slike påkjenningar, resignerer han.

For to-tre veker sidan vog naustedølen 99 kilo. Måndag, dagen før konkurransen, viste vekta 96 kilo.

To kilo på ein dag

Etter to rundar på kring 20 minutt i badstue, og kraftig reduksjon på matinntaket, viste vekta 93,76 kilo under innveging. Akkurat under grensa på 94 kilo.

– Det vart ei dårleg opplading. Du blir ganske slapp og trøtt i kroppen av å ta badstue, seier han og fortel at han allereie tidleg i dag såg konturane av det som skulle bli ein fysisk og psykisk nedtur.

– Under oppvarminga kjende eg meg slapp og dårleg. Då konkurransen starta gjekk det frå vondt til verre, seier han.

Sesongens store mål

I mai viste naustedølen seg som landets beste juniorløftar med 284 kilo totalt.

Med det var han godt i rute til sesongens store mål, junior-EM. I Romania vart det 171 kilo totalt.

– Det er frykteleg frustrerande når ein har brukt tre månader og lagt opp til formtopp under dette stemnet. Var sesongens store mål. I dag hadde eg planer om å perse det heile, men gjekk motsett veg, seier han skuffa.

Såg nedturen kome

Trenar Gunnar Reiakvam tek på seg noko av skulda for ikkje å ha passa betre på kroppsvekta til den talentfulle 19-åringen.

Utviklinga til Rørstadbotnen har nærast gått på skinner. Reiakvam seier han såg nedturen kome.

– Alle har dårlege dagar. Stian (Grimseth) hadde det og Geir (Grønnevik) hadde det. Plutseleg går du på ein smell, men du kjem styrka ut av det. Det er om å gjere å sjå kva som var feil, og gjere noko med det. Det er tungt no, men det er gløymt etter eit par dagar, meiner han.

Skal klinke til

Rørstadbotnen er sjølv glad for all støtte han har fått frå familie og vektløftarmiljøet. No er han budd på å slå kraftig tilbake for å revansjere nedturen i Romania.

– No er neste målsetjing nordisk i Finland i oktober. Då skal eg klinke til der, seier han.

Laurdag skal klubbkamerat Vebjørn Varlid i elden i Romania.