Politiet blei varsla av tilsette på hotellet klokka 11.15.
– Eit julebordfølgje har gjort skadeverk på hotellet. Dei har rota veldig mykje rundt inne på romma og rundt om på huset. Dei har og rulla ut vasslangar, seier operasjonsleiar Janne Steimler Sætre i Hordaland politidistrikt.
Dei tilsette på hotellet opplevde gjestene som utagerande og truande, seier Sætre.
– Gjestene har hatt ei noko utagerande oppførsel. Personalet følte dei var truande og hissige, så dei kontakta oss.
Vurderer å melde skadeverket
Politiet var framme på staden klokka 12. Då hadde julebordgjestene roa seg.
– Gjestene har rydda opp etter seg no, betalt rekninga si og forlate hotellet, seier Sætre.
Eigarane av hotellet, Christian og Ann Bolstad fortel at dei hadde om lag 110 julebordsgjester fordelt på tre grupper hos seg i natt.
– Dei to firmagruppene oppførte seg eksemplarisk, men så var det den tredje gruppa med ein vennegjeng på 12, der seks av dei ikkje har klart å oppføre seg i det heile tatt, seier Christian Bolstad.
Trua gjestene
Då siste natterunde var tatt i 4 tida, såg alt fint ut på hotellet, men i 8-tida på morgonen fann dei rom som var endevende.
– Så kom ein anna gjest og sa at fleire hadde blitt trua av denne gjengen i løpet av natta. Me fekk også vite at dei då hadde dratt ut ein brannslange og stod og sølte vatn ut i gangen på hotellet, fortel han.
– Me gjekk opp for å snakke med dei stod dei oppe i ansiktet på meg og kona mi og ropte til oss. Då måtte me ha hjelp av politiet.
Vil ikkje betale for skadane
Dei utagerande gjestene har betalt for å bu på hotellet, men nektar å betale for skadane på romma. Hotellet vil difor melde dei til politiet, for å få dekke skadane.
– I servicebransjen er me vande med å tole litt, men det er ikkje greitt når dei truar dei andre gjestene og våre tilsette, seier Bolstad.
Hotellet har ein lang julebordsesong framfor seg enno.
– Dette er dei fyrste som har laga kvalme. Det er ikkje fortent at alle norske julebordsgjester skal få dårleg ry på seg. Dette var trist, men me gler oss til å ta i mot dei gjestene våre som kjem framover.