Hopp til innhold

Jegerane klarar ikkje fylle kvoten

Gullalderen til hjortejakta kan vere forbi.

Kristian Myrmel

Hjortejakta har i haust vore svært variabel på Vestlandet. Mens nokre vald bugnar av hjort, slit andre jegerar med å fylle kvoten. Kristan Myrmel sitt fire mann store jaktlag har løyve på ni dyr. Men hjorten er knapt å sjå.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- No er våpenet satt inn med olje. Og det vert ståande til vi finn ut meir om bestanden. Og om det er forsvarleg å jakte meir, seier Kristian Myrmel.

Klarar ikkje fylle kvoten

Kristian Myrmel

Han meiner det er uforsvarleg å jakte når det einaste jegerane ser er store bukkar eller koller.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Myrmel har jakta hjort på Nos i Gaular sidan 2002. Området har vore rekna som eitt av dei beste, men i år ser det ikkje ut til at jaktlaget sin kvote på ni dyr blir oppfylt.
Hjorten har så godt som fordufta frå området, og dei som er att er anten store koller, eller store bukkar. Då bli det uforsvarleg å jakte, meiner Myrmel.

- Det har vel knapt vore ein dag utan at vi har hatt folk ute i terrenget. Og vi ser lite hjort. Det har vore ein trend sidan i fjor. Det er langt mindre hjort no enn før slik eg vurderer det, seier han.

Store variasjonar

Men variasjonane er store frå vald til vald. Jaktlag berre eit par mil unna om Myrmlel sitt vald melder om svært god jakt.

Og situasjonen i Sogn og Fjordane er ikkje unik. Leiar Jan Monsen i Hordaland Jeger og fiskeforbund får same tilbakemeldingar frå sine medlemmer:

-- Det er akkurat det same i Hordaland. Vi har jaktvald som var ferdig på den første veka. Og vi ligg langt under det vi skal ta ut av dyr. Men kva som er årsaka veit vi ikkje. Det kan vere at det er teke ut for mange dyr, eller det kan vere den strenge vinteren, seier Jansen.

Mange daude dyr

Hjort i Gaular

Her er ein jeger som fann hjort under jakta i Gaular tidlegare i år.

Foto: Sølvi Hunvik

Dei slit også med fleire funn av daude dyr.

- Det er funne mykje daude dyr. På Osterøy er det funne 15 daude dyr, medan nabovaldet ikkje har problem. Dei har ikkje fått skote nokon dyr.

I 2008 passerte hjortejakta for første gong elgjakta i tal skotne dyr på landsplan. Men for stor hjortestamme har vorte eit problem i mange område, og fagmiljøa har vore samde om at stammen må ned.

- Nedskytinga slo skeivt ut

No kan trenden vere i ferd med å snu. Men førebels er det først og fremst i indre strok at variasjonane er størst. Yst på kysten blir det meldt om svært god jakt.

- Ein har prøvd å redusere stammen med eit høgt uttak av produksjonsdyr. Og det er merkeleg om ikkje det skulle ha nokon effekt. Men så kan det jo også kome tilleggseffektar. For det ein planlegg frå eit skrivebord kan få andre konsekvensar enn det ein har sett føre seg, seier Johan Trygve Solheim ved stiftinga Norsk Hjortesenter.

Han er ein av landets fremste ekspertar på Hjort. Og han trur den planlagde nedskytinga av hjortestammen kan ha slått skeivt ut.

Skal ikkje skyte ned alt

Hjort

Det kan sjå ut som hjortebestanden er på veg tilbake.

Foto: Hallstein Dvergsdal

Men til jegerar som fortvilar over lite hjort i år, har Solheim likevel nokre trøystande ord.

- Så lenge ein hauste på kalv og ungdyr gjer ein ikkje skade.

Tilbake på Nos i gaular, med fem dyr att på kvoten, låser Kristian Myrmel jaktrifla inn i våpenskapet for denne gong.

- Forvaltinga handlar om å hauste av overskotet. Ikkje om å skyte ned alt, seier Myrmel.