Hopp til innhold

Har du merkt denne hjorten?

Hjortebukken Øystein Hoff felte søndag morgon var merkt i øyret. No ynskjer jegeren å vite kvar den er merkt.

Bukken felte hjorten på Tjønneland i Viksdalen i morgontimane søndag. På veg heim frå hjortejakta gjekk han rett på bukken.

Den hadde ti taggar og vog 123 kilo.

Merkt hjort

Hjorten er merkt med to klipp i høyret.

Foto: Privat

- Eg var på veg ned til bilen saman med naboen. Då vi kom til vegen, stod den plutseleg der. Det var berre å ta opp geværet, få i skot og skyte, fortel Hoff.

No ynskjer Hoff å vite kvar i distriktet hjorten er merkt.

- Han er klipt med to hakk bak i venstre øyre. Det hadde vore interessant å vite kvar den har vore tidlegare, seier Hoff og tykkjer det er interessant å sjå korleis hjorten flyttar seg kring om i distriktet.